KULTURPRIS: Bø jazzklubb har fått utdelt Midt-Telemark kommune sin kulturpris. Her representert ved f.v. Kristoffer Mosfjeld, Øystein Akselberg, Per Johan Nordvik, Ingebjørg Nordbø og ordførar Siri Blichfeldt Dyrland.
Hilde Eika Nesje
Delte ut kulturpris: – Eit glitrande døme på kva ein kan skape saman
Midt-Telemark kommune sin kulturpris for 2022 er tildelt Bø Jazzklubb. – Det er moro å bli sett for det arbeidet me gjer, seier styreleiar Kristoffer Mosfjeld.
I si tid var det Sauherad kommune som delte ut kulturpris. Dette var ingen tradisjon i Bø kommune, men med kommunesamanslåinga vart prisen vidareført i Midt-Telemark. I fjor blei den delt ut til Jon Jarle Haugen, og i år er det Bø jazzklubb som haustar heider og ære.