AVSLUTTA MED SIGER: Gunnar Eilefsen Wibstad og Casanova avslutta med siger i sitt siste løp saman. Nå blir Casanova pensjonist.
Bø Ponniklubb
AVSLUTTA MED SIGER: Gunnar Eilefsen Wibstad og Casanova avslutta med siger i sitt siste løp saman. Nå blir Casanova pensjonist. FOTO: Randi H. Eilefsen

I helga var det slutt for Casanova – runda av med krans rundt nakken

Gunnar Eilefsen Wibstad i Bø Ponniklubb blinka ut Julesprinten på Klosterskogen lørdag 3. desember som siste løp i karriera for ponnien Casanova. Det blei fulltreff.

Ponniane kan konkurrere ut det året dei er 18, så i frå nyttår trer Casanova inn i pensjonistanes rekkjer.

Eit jamnt oppløp

Det såg ut til å bli eit veldig jamt og spennande løp. 11 Shetlandsponniar var klare til start bak bilen, mange av dei med gode prestasjonar i dei siste løpa, opplyser Randi H. Eilefsen i Ponniklubben.

Casanova og Gunnar tok leiinga. Det blei eit skikkeleg spennande oppløp, der tre ponniar kjempa hardt, men Casanova visste kvar målstreken var og stakk nesa fyrst over streken. Kilometertida blei knallfine 2.50,9 over 1700 meter autostart.

Heim til eigaren

Casanova skal etterkvart attende til eigaren sin i Sarpsborg, der han skal nyte pensjonistivet saman med dei andre hestane på stallen.

– I 2019 var Gunnar på utkikk etter ein ny ponni, og via ponnimiljøet fekk me høyre om Casanova. Eigaren  hadde blitt for gamal til å konkurrere med han sjølv, så han skulle egentleg ikkje gå fleire løp. Heldigvis så fekk me låne han, så lenge han syntest det var moro å trene og å gå løp, fortel Randi.

Fortset med Julius

– Casanova synest fortsatt det er moro å konkurrere, og det siste året har nesten vore som ein draum. Heile seks sigrar har han tatt i år, og i sin start nummer 100 sette han ny personleg rekord på autostart. Ein fantastisk ponni på alle måtar, seier Randi.

Sjøl om Casanova ikkje skal konkurrere lengre, blir Gunnar å sjå på tråvbanen likevel. Han har også ein litt større ponni, Gotlandsrussen Ljungens Julius. Gunnar starta med Ljungens Julius også med på laurdag, og tok ein fin 4.plass.