INNFRIR: Då Anette Trettebergstuen blei innsett som kulturminister, fekk ho bamsemums frå generalsekretær Stian Slotterøy Johnsen for å minne henne på frivilligheita si viktigaste sak: Full og rettigheitsfesta momskompensasjon. No sier ho at ho vil innfri.
INNFRIR: Då Anette Trettebergstuen blei innsett som kulturminister, fekk ho bamsemums frå generalsekretær Stian Slotterøy Johnsen for å minne henne på frivilligheita si viktigaste sak: Full og rettigheitsfesta momskompensasjon. No sier ho at ho vil innfri. FOTO: Frivillighet Norge.

Siger for frivillig arbeid: Full momskompensasjon i 2022

Regjeringa aukar potten for momskompensasjon til frivillige organisasjonar med 132 millionar kroner for 2022. Det gjev full momskompensasjon.

– Mange folk slit nå, og frivilligheita er der for folk. Difor gjev me meir pengar for å få full momskompensasjon. Det er ei kjempegod investering for at lag og foreiningar skal bruke tida si på aktivitet for folk og ikkje på søknadar og byråkrati, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen, skriv Frivillighet Norge i ei pressemelding.

Ein stor siger

– Dette er ein stor siger for norsk frivilligheit. Me er veldig takksame for at regjeringa har funne rom for å tilbakebetale alle momskronene til frivilligheita, som sikrar god og føreseieleg finansiering i utfordrande tider, seier generalsekretær i Frivillighet Norge, Stian Slotterøy. Johnsen.

Anette Trettebergstuen stadfestar også at regjeringa vil jobbe for full og rettigheitsstyrt momskompensasjon til frivilligheita, slik Hurdalsplattforma lovar.

– No skal me lage eit system for det, så me kan innføre det snart, forsikrar Trettebergstuen.

Årlig usikkerheit

Ifølgje Frivillighet Norge sine berekningar manglar det 2,025 milliardar kroner i det foreslåtte statsbudsjettet for 2023 til å dekkje frivilligheita sine momskostnadar for neste år. Organisasjonene si årlege usikkerheit kring kor mykje pengar dei vil få tilbakebetalt må bort, meiner Frivillighet Norge.

– Det er gode signal frå Trettebergstuen. Me ser fram til at regelstyring kjem på plass, så organisasjonane blir trygge på at dei får tilbakebetalt alle momsutgiftene dei har, og slepp å lure på om det er sett av nok midlar, avsluttar Stian Slotterøy Johnsen.