Sidan 2007 har Evjuspelet vore eit aktivt frivillig miljø på Bygdetunet. Medverkande i alle aldrar, frå barn og unge til godt pensjonerte, har i samspel med profesjonelle aktørar skapt eit levande museum i Sauherad.
Manusforfattar, komponist og instruktør Roar Klever Bøye har gode røter i bygdekulturen, busett på garden Tveiten ved Nordagutu, samstundes som han gjennom snart 15 år har bygd opp musikkteaterlinja ved Seljord Folkehøgskule. Dette fruktbare samarbeidet utvikla fyrst Myllarspelet om Myllarguten, og Eventyrteiknarane – Theodor Kittelsen og Erik Werenskiold, som blei sett opp tre gonger i ulike versjonar. I samband med 100-årsjubileet for kvinners stemmerett i Norge, inviterte Evjuspelet heile fylket til kvinnekor i spelet «100 kvinnestemmer med stemmerett i 100 år». Kanskje det er på tide å gjenta suksessen 110 år etter 11. juni 2023?
Grunnlovsjubileet i 2014 blei markert med det store musikkspelet Huldresølvet, bygd på eit lokalt segn om sølvet på garden Klevar, med mystikk og romantikk gjennom huldrehistorie og rivalisering mellom to brør om same jenta som skapte dramatikk. Dette spelet blei sett opp i ny versjon i 2018, nå toppa med kjente musikalartistar som Anna-Lisa Kumordzie, som har vore med i fleire Evjuspel heilt sidan ho var elev hos Roar på Seljord folkehøgskule. Skodespelar Hans Jacob Sand frå bygda har også vore med i mange av Evjuspela og dei lokale spelveteranane; Anita Haugedal, Ole Arnfinn Hagen og Ole Martin Hagtvedt Holte, har sikkert vore med i alle.
Fleire frivillige på bygdetunet som Nes nasjonale dansarring og Broderikafeen ved Liv Berit Kaasa, har vore viktige kulturfaglege miljø, som har deltatt i spelet og lånt ut tidsrette kostyme. Kostyme-designer Tone Carlsen, også frå bygda, blei engasjert til å designe og sy huldrekostymene. Kunstnar Runaug Venås har forma fantastiske troll og Nøkken i kulturlandskapet.
Mange tilreisande skodespelarer meiner Evju Bygdetun er som skapt for historiske spel, med fargerike gardshus kring eit opent tun, autentiske drakter frå museumsamlinga, ekte gardsredskaper og jamvel levande geiter og hestar.
Ole Martin sa det slik ein gong: Når eg går inn under tuntreet ved porten på Evju er eg midt i eventyret og lever i rolla i alt me gjer sammen.
Faktaboks
EVJU BYGDETUN er ein av dei faste organisasjonane i Bø og Sauherad som gjestar denne spalta på omgang.
Dei andre er Bø sokn, Sauherad og Nes sokn, Bø Museum og Universitetet i Søraust-Noreg.