MAKT: Både media og folkevalte har makt.
MAKT: Både media og folkevalte har makt. FOTO: LLA

– Media har makt, og politikarane har makt

I løpet av den siste veka har Bø blad – lokalavisa i Midt-Telemark – fått kritikk av ordføraren både på Facebook, i ei konkurrerande avis og frå talarstolen i kommunestyresalen. Sjølv om Bø blad ikkje er spesifikt nemnd, og ordlyden frå ordføraren er «media», tolkar me det slik at det er lokalavisa kritikken gjeld. Det er fordi Bø blad har følgd biblioteksaka i kommunen tett og hatt størst trykk i debatten heilt frå starten. «Media» blir av ordføraren skulda for å vere einsidig og ikkje vise fram alle sider av saken som gjeld flytting av biblioteket. Ordføraren viser òg til dei etiske retningslinjene som mediene rettar seg etter i Vær varsom-plakaten, der det mellom anna står at ulike syn skal kome til uttrykk. I same paragraf står det at pressa skal ivareta viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk.

Sjølvsagt er ordføraren i sin fulle rett til å meine kva ho vil om avisa og vere ueinig i korleis me dekker ulike saker. I denne saka har det vore viktig for Bø blad å sjå på konsekvensar av eit vedtak i formannskapet som kom overraskande på mange og som har skapt reaksjonar. Her har det ikkje vore snakk om ei sak der det har vore personangrep, noko som ifølgje Vær varsom-plakaten krev tilsvar frå motparten.

Frå talarstolen i kommunestyresalen valte ordføraren å bruke si makt til å peike på at media har makt. Det stemmer. Det er makt som media kan velje å bruke til å opplyse innbyggjarane i kommunen, og sjå nøyare på kva samfunnstoppane brukar makta si til. Me kan referere frå politiske debattar, sjå på kva dei folkevalte vedtek og kva for konsekvensar vedtaka kan få for dei involverte. Det har me gjort her. Bø blad har dessutan mange engasjerte lesarar som tør og vil meine noko om lokalsamfunnet sitt, og eventuelt kome med nye innspel som kan vere opplysande. Dei har sjølvsagt fått plass til å uttale seg sakleg gjennom lesarinnlegg i avisa. Det har også ordføraren høve til dersom ho vil. Ein kan også ta direkte kontakt med redaksjonen om ein meiner at det er sider ved ei sak som ikkje er belyst godt nok.

Som ordføraren seier: Det er viktig at alle sider ved saka kjem fram før vedtak. At motstemmene til formannskapet si avgjersle er så eintydige, betyr ikkje nødvendigvis at saka er einsidig framstilt – eller at lokalavisa har tatt side.