FAST SPALTIST: Berit Bjørnerud.
Marta Kjøllesdal
– Etter årsmelding, kjem vareoppteljinga
Berit Bjørnerud har vore både nordsjøprest og prest ved Norsjø, men presterer no mest i Hjartdal. Ho bruker nærområda i Midt-Telemark aktivt og kan dukke opp ein stad nær deg, i kajakk eller på ski, med fjellsko eller på truger, på kino eller kafe. Kjem frå Nes på Romerike, men har budd i Sauherad sidan 2002. Livsmotto: «Alt går og resten går over».
Kvart år, omtrent på denne tida, set eg meg ned for å skrive julebrev. Eller årsmelding som eg likar å kalle det. Medan eg sit der, med eit tomt ark framføre meg, tenkjer eg gjennom året som har gått. Kva har eg gjort dette siste året? Kvar har eg vore? Kven er viktig for meg? Kva for opplevingar tenkjer tilbake på med glede? Kva gjorde meg sint, sorgfull, bekymra, trist, trygg, nedstemt, forventningsfull, redd, tullete? Eg blar litt fram og tilbake i kalenderen min og i bildearkivet mitt. Av og til fell eg i stavar. Eg hugsar noko eg nesten hadde gløymt, berre nokre månader etter at det skjedde. Det er fint å sitje slik å samle trådane, i ei oppsummering, i ei årsmelding.