REDAKTØR: Hilde Eika Nesje i Bø blad.
REDAKTØR: Hilde Eika Nesje i Bø blad. FOTO: Gro B. Røiland

– Å vere gjestfri og inkluderande kan redde liv – skal me gjere noko med det?

Kor mange av oss har tenkt tanken på at det kunne ha vore fint å invitere nokon ekstra inn til julekvelden, eller på ein middag eller to i romjula? Har me vore innom idéen om å inkludere nokon me veit sit aleine på nyttårsaftan, tru? Det hadde vore fint å gjere noko ekstra, men gjer me det? Det blir kanskje med tanken. Det kan vere det at me er blyge som er hindringa, at me ikkje heilt veit kven me skal be, og at det kjennest påtrengande. Eller at det rett og slett er mest behageleg å ha det slik som me alltid har hatt det – med feiring med dei nærmaste, eller på anna vis slik tradisjonen er.

I Midt-Telemark er det eit ungt par som tenkjer annleis. Dei tek med seg gutungane sine og inviterer dei som vil til felles julaftan på Kjernehuset på Gvarv. Dei opnar dørene, har ikkje gjesteliste og vil vise dei minste i kjernefamilien sin at det er mange måtar å feire jul på. Til dømes at ein kan invitere inn til storfamiliefeiring på frivilligsentralen, der dei som vil kan vere med. Responsen frå lokalsamfunnet er enorm. Dei får utruleg mange fine tilbakemeldingar frå folk som er imponert av det hjartevarme tiltaket. Det rører ved mange, den inkluderande gesten frå det unge paret.

Å vere gjestfri og inkluderande kan redde liv. Det finst det mange eksempel på. Einsemd og mørke tankar kan fly sin veg med ei hyggeleg tekstmelding eller ein varm invitasjon. Å bli sett er avgjerande – me treng det alle saman. Å bli invitert ein stad når ein sjølv slit med økonomien og kanskje ikkje har evne eller økonomi til å tilby dei rammene ein ønskjer, kan bety alt – både i kvardagen og i høgtida. Kanskje aller mest når det er fest.

Me er inne i ei tid der fleire har fått det tøffare i samfunnet vårt, både nasjonalt og lokalt. Verda har endra seg, og det er dyrare å leve. Å streve økonomisk i det norske samfunnet, der overfloden er så tydeleg, kan vere tøft for mange, også i Midt-Telemark. Derfor trengst det menneske som Lisa og Even på Gvarv som opnar dørene i julehøgtida, men me andre trengst òg. Kanskje skal fleire av oss ta utfordringa i år, viss me vil og kan, og gjere lokalsamfunnet vårt betre. Det er me som bur her som skapar eit varmt og inkluderande Midt-Telemark.