MIDDAG UTE: Ein tur og middag utandørs kan vere ei fin opplevingsgåve å gje nokon til jul.
MIDDAG UTE: Ein tur og middag utandørs kan vere ei fin opplevingsgåve å gje nokon til jul. FOTO: Øystein Akselberg

Ti tips som er bra for lommebok og miljø. – Eg trur mange har lyst til å bremse julegåvekarusellen

Julegåver treng ikkje koste tusenvis av kroner og kome rett frå fabrikk. Her er turistforeininga sine ti julegåvetips som er bra for lommeboka, miljøet og livsgleda.

– Eg trur mange har lyst til å bremse julegåvekarusellen. Nokon kjenner på dårlegare råd enn før, andre har faktisk overflod av ting og alle kan kjenne på bekymring for jordas ressursar. Kanskje er det tid for å samle oss om å faktisk tenkje nytt om julegåver, seier Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i Den norske turistforeininga (DNT).

Han ber folk frigjere seg frå å tenkje så mykje på prisen og det å gje ei gåve som er like mykje verdt i kroner som den vi får.

DNT har laga ti tips til julegåver som kan passe dei som ikkje treng så mange ting, som ønskjer å vere meir aktiv eller oppleve noko. Her er det naturleg nok gode gåveidear til dei som elskar friluftsliv.

Solvang rår dei som gjev bort ei opplevingsgåve til å vere så konkrete som mogleg, slik at mottakaren skjønar at dette faktisk skal gjennomførast.

10 julegåvetips:

1: Ein hyttetur

2: Eit kart med invitasjon til tur

3: Ein middag utandørs

4: Reparasjon av turklede eller utstyr

5: Gje bort kunnskap til jul

6: Lakenpose eller sengesett

7: Tur med turleiar

8: Inviter til båltur i nærmiljøet

9: Turbøker

10: Eit medlemskap