NÅR KJEM BUSSEN? Espen N. Eriksen saknar bussruter til faste tider i Midt-Telemark, utanom skuleruta og i utkantstroka.
Unni Buverud
Fleire flyktningar kjem til Midt-Telemark: – Busstilbodet er ei utfordring
Midt-Telemark skal busette over 100 nye flyktningar i 2023. Bustadforvaltar Espen N. Eriksen seier det vil krevje at ein får på plass eit godt busstilbod i heile kommunen.
– Først vil eg seie at det er kjempebra at kommunen tek imot flyktningar. Me har busett 100 personar dette året, og dei bur ganske sentralt. Nå er marknaden metta i sentrum og me må ut i periferien i kommunen for å busette folk, seier bustadforvaltar i Midt-Telemark, Espen N. Eriksen.