HAR UTSTYR: Audun Bjørnfeld fortel at dei har ein del utstyr, men treng pengar til drift.
HAR UTSTYR: Audun Bjørnfeld fortel at dei har ein del utstyr, men at dei treng pengar til drift. FOTO: Marta Kjøllesdal

– Her kan alle låne ski, skøyter og anna vinterutstyr gratis

Det går mot vinter og sesong for ski og skøyter, men det er kanskje ikkje alle som har utstyret.

– Bua er ein utlånssentral. Det er gratis utlån, fortel Audun Bjørnfeld.

Han er tilsett i 40 prosent stilling i Bø Frivilligsentral for å drifte utlånssentralen, som held til ved sida av ambulansen ved starten på Valenvegen.

Bjørnfeld forklarar at Bua er ein landsomfattande ideell organisasjon som har som mål at barn og unge skal få prøve fleire og meir varierte aktivitetar. Nokre plassar er det, som i Bø, drifta av frivilligsentralen, andre plassar er det andre ordningar.

– For å låne, opprettar du ein låneprofil. Då kan ein også låne andre plassar, forklarar Bjørnfeld.

Han seier at det er eit 100-tals Bua-sentralar rundt om i landet og tilbodet veks.

Tilbod til alle

– Som tidene er no, med vanskelegare familieøkonomi, går det an å kome hit og låne, seier han.

Bjørnfeld fortel at tilbodet primært er tenkt til dei som ikkje har råd til å kjøpe utstyr, men tilbodet er for alle.

– Det var nettopp eit par pensjonistar her for å låne barnesete og ski til barnebarn som kjem på besøk, fortel Bjørnfeld.

Han har også akkurat lånt ut utstyr til ein dansk student. Det er mange studentar som brukar tilbodet, men også bygdefolk.

– Eg trur det er fleire som kunne ha behov for å låne utstyr her, men som ikkje veit om tilbodet, seier han.

Ei gruppe som har brukt tilbodet er flyktningar, ikkje minst dei frå Ukraina. No kjem det truleg fleire som treng utstyr. Bjørnfeld seier at dei har ei oppgåve i å bli betre kjent blant grupper som flyktningar.

SKØYTER: Dei har også skøyter på Bua. FOTO: Marta KJøllesdal

Hindrar at nokon står utanfor

Han ser på dette som eit tilbod for å unngå at nokon kjenner seg utanfor, for eksempel når det er aktivitetsdagar på skulane. Det kan vere nokon som tykkjer det er dyrt å kjøpe ski og skøyter som ein berre brukar eit par gonger i året.

– Då kan ein låne det gratis her, fortel Bjørnfeld.

Dei har både langrennsski, alpinutstyr og skøyter.

Det er bra med utstyr på Bua no, men Bjørnfeld fortel at dei treng meir pengar til drift på sikt. Noko av det han jobbar med er å søkje om pengar ulike plassar, slik at ein kan halde tilbodet gåande.

– Me treng meir støtte, seier Bjørnfeld.

Ope i jula

Dersom folk har lyst til å prøve å stå på snøbrett eller gå på ski, eller får besøk av nokon som har lyst til å prøve det i jula, er det muleg å bruke Bua.

Bjørnfeld fortel at dei har ope torsdagar som vanleg, både før og i jula. Han prøvar å vere fleksibel for at folk skal få tak i det dei treng.