TAKKSAM: På vegner av Røde Kors rettar Bente ein stor takk til alle som støtta opp om ønsketreet og kom med julegåver.
Hilde Eika Nesje
Ønsketreet fekk fantastisk respons: – Det blir ei fin jul for mange familiar
– Det har vore ei fantastisk gjevarglede, og alle ønskje har blitt oppfylt. Me har fått inn 94 julegåver, og 40 familiar får litt ekstra til jul, seier Bente Drtina i Røde Kors.
Som ei prøveordning, sette Bø og Sauherad Røde Kors opp eit ønsketre, der målet var å samle inn julegåver til barnefamiliar som har det vanskeleg.