221215 Saude og Nes Kyrkjevindauge nett

– Når verda er mørk, må me halde lyset fram for alle

Dei sju og eit halvt åra eg har vore prest i Sauherad og Nes, har eg teke ansvaret for å lyssette kyrkjekontoret til advent.

Kvar fredag før fyrste søndag i adventstida henger eg opp to små-slitne, men sjarmerande stjerner i 80-tallsstil og ei papir­stjerne og sett fram adventskransen i fellesromma. Og sjølv om me skal spare straum, kosta eg på oss ei ekstra stjerne ved inngangspartiet i år: Litt i høve bispevisitasen, litt fordi det gjev oss som har kontorstaden der ein hyggeleg velkomst, men ikkje minst fordi stjerna på ein stillferdig måte kommuniserer eit godt bodskap: Lyset skin i mørket. Og mørket har ikkje overvunne det.

Mørke og lys er eit ordpar som går som ein tråd gjennom heile Bibelen, med stadige skiftingar og kampar: Til dømes om Gud som skapte lyset og såg at det var godt, og om mennesket som vendte seg bort. Om eit folk i stummande mørke, fattige på liv og håp, men som får sjå eit stort lys. Om ei mørk natt i Betlehem og om ein gjetarflokk som fekk sjå ein himmelsk hærskare. Om menneske som var sjuke og støtt ut, men som fekk oppleve Jesu nådige blikk. Om mørket som låg over landet da Jesus anda ut for siste gong da han hang på krossen, men også om det skinande lyset frå den tomme grava påske­morgon.

Desse er fortellingar som også seier noko om liva våre. Om mørket som møter oss gjennom angst, uro, sårbarheit, bekymringar og all verdas vondskap. I eigne feiltrinn og kjensle av å kome til kort, men også om lyset som på ulike måtar viser seg i form av ei handsrekning, ein kopp kaffi hos naboen, gode ord frå Bibelen. Eller ei stjerne i vindauget.

I ei mørk verd, i ei tid kor enda fleire i verda, også i Europa og her til lands, merkar at livet krev ekstra mykje, må me som kyrkje og samfunn halde lyset fram – i ord og handling.

Jesus seier: «De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset.» (Matt 5, 14-15)

Neste laurdag er det julaftan. Då feirer me at Gud blei menneske i Jesus Kristus, Han som steig inn i liva våre og som lyser for kvart menneske.

Salme 65, vers 3 i Norsk salmebok, formidlar jula sin bodskap, og korleis vi kan forvalte det vidare, slik:

«Ditt komme, Herre Jesus,
forvandler jordens natt
og bringer lys til mange
som føler seg forlatt.
Hjelp oss å gå i dine spor!
La verden se din godhet
igjennom dem som tror!»

God juletid, og velkommen til kyrkje!