GODE RÅD: Rolf Søtorp, administrerande direktør i Brannvernforeningen har gode råd for ei sikker og hyggeleg julehøgtid.
GODE RÅD: Rolf Søtorp, administrerande direktør i Brannvernforeningen har gode råd for ei sikker og hyggeleg julehøgtid. FOTO: Audun Braastad

Gå julehøgtida trygt i møte – følg desse råda frå Rolf

Jula er høgtid for innekos og hygge, med levande lys og fyr i peisen. Samstundes toppar desember og januar statistikken over talet på bustadbrannar. Brannvernforeininga veit råd.

– Med desember aukar brannfaren og me er midt inne i ein høgsesong for bustadbrannar, åtvarar administrerande direktør Rolf Søtorp i ei pressemelding frå Brannvernforeininga.

Han ber no alle landets husstandar sette brannsikkerheit høgt på dagsorden i vekene framover, både før og under feiringa av jul og nyttår.

Bruk komfyrvakt

– Det aller viktigaste rådet er å vere vaken og til stades når du lagar mat, brukar elektriske apparat som trekkjer mykje strøm, fyrar i peisen og brukar levande ljos. Sørg også for å ha fungerande røykvarslar i alle etasjar og brannsløkkjar lett tilgjengeleg, seier Søtorp.

Tørrkoking og tørrsteiking på komfyr skjer året rundt, men slike hendingar fører til ekstra mange utrykkingar for brannvesenet i desember. Ifølgje Søtorp er installasjon av komfyrvakt eit effektivt tiltak for å hindre brannar og branntilløp ved matlaging på kjøkenet.

– Det har vore påbode med komfyrvakt i alle nye bustadar sidan juli 2010. Kravet gjeld også eldre bustadar dersom det leggjast opp ny kurs til komfyr. Me meiner alle bør ha ei  komfyrvakt på kjøkenet uavhengig av alder på bustaden, poengterer Søtorp.

Elektrisk utsyr

Feil bruk av elektrisk utstyr og utstrekt bruk av skøyteleidningar er typiske brannfeller me må unngå.

– Når du skal koble opp juleljosa er det viktig å sjekke at alt er i orden. Sjekk at det ikkje er nokre brot på leidninga, inga misfarging eller blinkande ljos. Og er den ikkje heilt som den skal, bytt den ut med ein ny, er oppmodinga frå Søtorp.

SIKKER: Sørg for ei brannsikker juletid. FOTO: Unsplashed

Brannfarleg pynt

Det har blitt vanleg med fine juledekorasjonar med ljos, men brennbart materiale og levande ljos er ein farleg kombinasjon.

– Mose, kvistar og konglar tek fort fyr og brenn godt. Difor råder me til å bruke LED-lys i slike dekorasjonar, seier Søtorp, som peikar på at uforsiktig bruk av levande ljos og gløymte kokeplater ved matlaging på komfyren er årsak til mange branntilløp.

– Regel nummer ein er difor å aldri gå frå levande ljos. Den som tenner ljoset, bør også ta ansvar for å sløkkje det. Ljosa må dessutan plasserast i ljosestakar av ubrennbart materiale og stå på ubrennbart underlag, understrekar Søtorp.

Gode råd om brannvern

 

  • Sørg for å ha minst ein fungerande røykvarslar i kvar etasje og minst eitt 6 kilo brannsløkkjeapparat lett tilgjengeleg
  • Gå aldri frå levande ljos, og gjer det til ein vane at den som tenner stearinljos har ansvar for at dei er sløkt.
  • Bruk bare tørr ved og tennbrikettar til fyring og sett deg inn i bruksanvisninga til di fyringseining.
  • Gå aldri frå matlaging på komfyren
  • Hugs at fett og smult ikkje må sløkkjast med vatn, men ha alltid eit lokk eller brannteppe klart i tilfelle smultgryta tek fyr
  • Ved brannskade er det viktig med rask nedkjøling. Kjøl med 20 graders vatn i 20 minuttar. Ved mistanke om alvorleg skade ring 113
  • Unngå brannfarleg pynt, vel LED-ljos til dekorasjonar
  • Sjekk eldre julelys og bytt ut om du er i tvil
  • Innandørs lys bør skrus av om natta og når du er bortreist
  • Bruk bare lys ute som er eigna for utendørs bruk
  • Bruk lys som er CE-merka og har låg overflatetemperatur, for eksempel LED-ljos