AVISGJENGEN: Bø blad-gjengen elskar å lage lokalavis for innbyggjarane i Midt-Telemark.
AVISGJENGEN: Bø blad-gjengen elskar å lage lokalavis for innbyggjarane i Midt-Telemark. FOTO: Selfie

– Nokon fortener ein ekstra takk frå oss i lokalavisa

Å drive lokalavis i Midt-Telemark er spennande og morosamt, men òg veldig krevjande. Å møte ulike menneske er noko av det mest gjevande som finst, og me møter mange! Her er utruleg fine folk i alle aldrar, som driv med forskjellige ting, enten på fritida eller i jobbsamanheng. Det har me mellom anna verkeleg fått sjå i Frivilligåret 2022, og i alle desse møta har det vore viktig for oss å få nye fjes inn i spaltene våre. Me møter folk som er engasjerte og står på, og me møter folk som har behov for hjelp, eller føler trong til å seie ifrå viss dei opplever at noko er urettferdig. Me har låg terskel for å kunne meine noko, og me er stolte over det store engasjementet og saklegheita i debattspaltene våre. Me følgjer politikken der du bur, og prøver å vise konsekvensar av det som blir vedteke, og ikkje minst følgjer me eit yrande næringsliv og eit blomstrande kulturliv. Midt-Telemark er mykje og den samanslåtte kommunen byr på eit stort mangfald på mange arenaer. Det skal me i Bø blad – lokalavisa i Midt-Telemark fortsetje å løfte fram.

For å kunne gjere jobben vår er me heilt avhengige av deg som skjønnar at det som verksemda Bø blad tilbyr er varen INNHALD. Det er det me sel, og me er nøydd til å ta betalt for det, elles blir det inga lokalavis som bringar deg brei informasjon om kommunen du bur i. Derfor skal kvar og ein som abonnerer og framsnakkar varen vår ha ei hjarteleg stor takk. De skal vite at me jobbar hardt for å tilby ei god vare, så takk for at de vil ha den! Takk skal også alle ha som har lagt igjen annonsekroner i lokalavisa – det er me òg heilt avhengige av. Fortsatt er det annonseinnhaldet som ber verksemda, og lesarundersøkingar viser at annonser i lokalavisene blir lest godt.

Avisbransjen har vore gjennnom store forandringar den siste tida, både teknisk, publisistisk og innhaldsmessig. Også me i lokalavisene må følgje rytmen og nye tider. Verda blir stadig meir digitalisert, og for å overleve må også Bø blad gå stadig stødigare på den vegen, sjølv om papiravisa fortsatt vil leve eit liv så lenge me har mulegheit til å distribuere den. Det er allereie meir krevjande enn før.

I år blir det inga papiravis i romjula og i første veka i januar, men me er til stades for fullt på digitale flater. Har du ikkje allereie gjort det, bør du sørgje for å logge deg inn på www.boblad.no slik at du fortsatt kan følgje med og gjere deg enda meir kjent med nettavisa vår. God lesnad – og gledeleg jul!