JULEGLEDE: Eit bål kan gje både varme og eit etterlengta pusterom i fridagane.
JULEGLEDE: Eit bål kan gje både varme og eit etterlengta pusterom i fridagane. FOTO: Nina Voldstad

Ti tips til uteaktivitetar du kan ha med barna i jula

Det kan bli mykje innesitting i jula. Da er det kjekt å bryte opp med å kome seg ut og gjere noko hyggeleg saman.

– Takka vere allemannsretten har me fantastiske mulegheiter til å oppleve naturen kring oss, så det er berre å koma seg ut. Felles aktivitetar der familien legg bort skjermar og gjev kvarandre si fulle merksemd kan skape nokre veldig hyggelege stunder, uansett kor de tilbringar juleferien, seier generalsekretær i Norsk Friluftsliv, Bente Lier, i ei pressemelding.

Norsk Friluftsliv er fellesorganisasjonen for dei 18 store frivillige friluftslivsorganisasjonane, med til saman nær ein million medlemskap. Her gjev dei forslag til hyggelege aktivitetar å gjere ute med barna i jula.

1)  Bålkos:  Tenn eit bål, pust heilt ut og la julefreden senke seg. Bare hugs regelen om sporlaus ferdsel og sløkk godt når de er ferdige. Kva med å ta med ei gryte og poppe popcorn ute, lage varm gløgg eller kakao?

2 ) Hovudlykt-tur i skogen:  Utstyrt med ei hovudlykt eller lommelykt kan de gå tur i skogen sjølv om det er mørkt ute. – Det er noko spesielt med å gå tur i bekmørkret, og lytte til skogen sine lydar. De treng ikkje verken reise langt eller å gå i timevis. Ein liten tur i nærområdet er nok til at det blir ein spennande ekspedisjon for barna, understrekar Lier.

3)  Skileik: Bur du på ein stad med nok snø, er det mange morosame skiaktivitetar å finne på. For orgeltramp byggjer de små humpar i ei løype, kor eit bein skal vere oppe mens det andre er nede. Eit godt, gammaldags skihopp gjev også mykje moro.

4)  Mat småfuglane:  Å lage sin eigen fuglemat er ein hyggeleg aktivitet for store og små. På nettet finn du mange oppskrifter og lister over god fuglemat. Hugs å aldri gje fuglane mat som er mygla eller inneheld salt.

5 ) Leit etter nissen si sakna luve:  – Har de ein liten nissefigur eller liknande i huset? Tek du av den luva og gøymer den ein stad ute, kan du fortelje barna at nissen har mista luva si – og at de må ut for å leite etter denne. Kanskje vankar det ein liten premie på den som finn luva, foreslår Lier.

6)  Aketur:  Det er mykje moro ein kan finne på i ein bakke, og om kvelden kan ein også tenne ljos for å skape ekstra stemning. Har de ikkje akebrett eller kjelkar går det fint an å ake på søppelsekkar.

7)  Oppdag stjernehimmelen:  Aldri er stjernene så flotte som på ein klar vinterkveld. Ta ein tur ut i nærområdet og kikk etter mønstre i mylderet på stjernehimmelen. Mange nettsider gjev deg namn på stjernebilda, og med litt flaks får de kanskje sett eit stjerneskot eller litt flakkande nordlys?

8)  Gå på skøyter eller turskøytar:  Turskøyting blir stadig meir populært, særleg på stader med snøfattige vintrar. Her er det viktig å sette seg inn i det grunnleggjande, som å vite at isen er trygg. Eit godt tips for nybegynnarar er å ta kontakt med ein lokal turskøytegruppe.

9)  Turgøymsel:  Ein person står, mens dei andre spring og gøymer seg i nærleiken av stien. Har de eit spesielt mål med turen, kan det vere greitt å avtale at ein vel ein gøymestad i turretninga.

10)   Skitur:  Viss det er snø der de bur, er skituren alltid ein hyggelig felles aktivitet. – Smører de ei god matpakke og har med noko varmt på termosen, er grunnlaget lagt for ein god tur, seier Bente Lier.