HYLLENE BLIR TØMT: – Her blir hyllene fort tomme for pakkar, konstaterer postansvarleg Anne Bilstad hos Post i butikk Extra i Bø.
Unni Buverud
129 000 pakkar ventar på å bli henta – slik er det ikkje hos Anne
Ved mange av Posten sine utleveringsstader ligg det fortsatt 129 000 pakker og ventar på mottakaren, men i Midt-Telemark kommune er folk flinke til å hente pakkane sine.
– På mange av våre utleveringsstader ligg det nå julegåver og ventar på rett mottakar, seier pressesjef Kenneth Tjønndal Pettersen i Posten.