Torgrim, Lars Steinar og Sigmund i same oslofirma – jaktar på skred og ras
Bøheringane Sigmund, Lars Steinar og Torgrim jobbar alle i geo-firmaet Cautus Geo på Lysaker i Oslo. Dei innrømmer at det blir eindel intern Bø-humor på arbeidsplassen.
Cautus Geo AS er eit firma som driv med automatisk overvaking og varsling av geofarar og bevegelsar i konstruksjonar og berggrunn, samt overvaking av miljø, klima og vatn. Selskapet har spesialkompetanse på ustabile fjellparti, ras og skred i både snø og fjell og sikring av konstruksjonar.