NYE KONSTELLASJONAR: Midt-Telemark får ein ny aktør på renovasjon og Bø miljøstasjon får ein ny medeigar i Telmark Godslinjer. F.v. Olav Gundersen i Gundersen Transport, Hans Olav Bakås i Bø Miljøstasjon og Kenneth Solås i Telemark Godslinjer. Arkivbilde frå 2021.
Øystein Akselberg
Bø Miljøstasjon styrkar seg i avfallsbransjen
Bø Miljøstasjon på Grivimoen inngår ein storavtale med Norsk Gjennvinning frå og med 1. mars neste år. Det betyr ein to- eller tre-dobling av avfallsmengdene som skal gå via anlegget på Grivimoen. Det betyr langt større aktivitet og auka investeringar ved Bø Miljøstasjon.
Formelt sett er det Norsk Gjenvinning og Telemark Renovasjon som no inngår eit nytt partnerskap og ein langsiktig avtale.