FRUSTRERT: Senterleiar Tove Bringa er frustrert over det ho ser.
Unni Buverud
Senterleiaren åtvarar mot folk som driv frekk «svindel» blant kundane
Fleire kundar på Bøsenteret har blitt lurt til å betale varer for folk som seier dei er flyktningar frå Ukraina. Nå oppmodar senterleiar Tove Bringa kundar til å ikkje å gje slik hjelp.
– Eg har i heile haust sett liknande tilfelle som det som tidlegare har vore omtala i avisa TA, men eg visste ikkje heilt korleis eg skulle gå fram for å åtvare kundane våre, seier Tove Bringa, senterleiar ved Bøsenteret.