Det kan vere lurt å tenke over kva ein gjer dersom straumen blir borte eller mobilnettet skulle falle ut i kortare periodar. I Noreg har mobilnettet reservestraum for to eller fire timar ved straumbrot.
Personleg ansvar
— Me har sterk og robust infrastruktur på straum og nett i Noreg, men me har alle eit eige ansvar for å tenke gjennom kva me sjølv kan gjere for å vere mindre sårbare i situasjonar der straumen kan forsvinne eller mobilnettet gå ned i kortare periodar.
Det seier Ellen Høstmark Bustø, som er kommunikasjonsdirektør i Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, i ei pressemelding.
Ho har fem tips til den einskilde mobileigar for korleis ein kan vere førebudd når det gjeld eigenberedskap for nett og mobil:
- Sørg for at du har batteribank lada opp slik at du kan få lada mobilen om straumen forsvinn ei stund.
- Husk at du også kan bruke berbar PC eller bilen din som straumkjelde dersom du treng å lade mobilen.
- Vurder abonnement hos ulike mobiloperatørar – så mister ikkje alle i husstanden dekninga dersom det oppstår en feil i eitt av mobilnetta. Mange mobiltelefonar har for eksempel mulegheit for å ha to eller fleire SIM-kort/eSIM. Da kan ein både ha familieabonnement som hovudabonnement, og at ein i husstanden samtidig har eit ekstra og rimeleg abonnement frå ein annan operatør, dersom ein har behov for ekstra sikkerheit.
- Nkom har sørgd for at det i fleire kommunar i landet er sikra tre døgn reservestraum til enkelte basestasjonar rundt for eksempel kommunehus eller kommunesenter. Dit kan du dra om du har mista mobildekningea der du bur, og treng dekning for viktig kommunikasjon.
- Hugs at du kan ringe naudnummer 112 sjølv om du manglar mobildekning frå din operatør, manglar eller har eit øydelagt SIM-kort, eller ikkje har pengar på kontantkortet. Så lenge det er ein aktør som har nett tilgjengeleg vil du nå fram til naudetatane.