KLAR FOR NYE EVENTYR: Nå er det opp til oss andre å bruke tilbodet. Jan Helge Sønstebø mellom Wilfred Verschuure og Christian Myhre Hansen.
KLAR FOR NYE EVENTYR: Nå er det opp til oss andre å bruke tilbodet. Jan Helge Sønstebø mellom Wilfred Verschuure og Christian Myhre Hansen. FOTO: Øystein Akselberg

– For at det skal gå bra med dei som satsar og investerer, må me andre bidra

Denne veka kom det spennande nyheiter frå Sønstebøtunet. Det tradisjonsrike handelshuset skal igjen bli fylt med liv, etter ein periode med tomme lokale og usikkerheit knytt til den relativt nybygde restauranten. Det som kjem nå er noko heilt nytt og handlar ikkje om klede eller sko. Nå blir det ei kjent sports- og restaurantkjede som skal halde hus på kjøpesenteret, og med det følgjer det bowling og andre morosame spel. At det kjem til å trekkje folk er det ingen tvil om. Konseptet er nytt i Midt-Telemark, og her burde det vere grunnlag for å få noko slikt til å gå bra, med sosiale fastbuande, mange studentar, turistar, hyttefolk og nabokommunar som nedslagsfelt.

På same dag som den gledelege nyheita frå Sønstebøtunet kjem, dukkar ei trist melding opp frå ei anna tradisjonsrik verksemd i kommunen vår: Aarnesgruppen ser seg nøydd til å stengje Senterkroa på Bøsenteret. For mange vil dette bli eit stort sakn, ettersom kafeen har vore samlingsstad for både lokale folk og tilreisande, og eit fast innslag på kjøpesenteret heilt sidan 1997. Det er samansette årsakar til at eigarane vel å avvikle kafedrifta i Bø sentrum, men det er ikkje til å stikke under ein stol at både høgare straumprisar og to spesielle år med korona er med på å gjere ting meir vanskeleg. Samtidig er ein kvar som driv verksemd nøydd til å snu og vende på ting for å få rekneskapen til å gå i balanse. Av og til inneber det òg overordna avgjersler som vil løne seg på lang sikt, men som vil smerte i dét ein bestemmer seg for dei.

Næringsverksemd som dei to nemnde er viktige for Midt-Telemark kommune. Dei er saman med andre konsept med på å gjere det attraktivt å bu her. Valmulegheiter og gode og varierte handelstilbod dreg folk, og er viktige for alle distriktskommunar. For at det skal gå bra med dei som satsar, investerer og legg til rette for slik utvikling, er det derfor viktig at me som bur her viser at me vil ha tilboda ved å bruke dei. Viss me sit heime og handlar, ser på kino og samlar oss der i staden for å gå ut, er det ikkje liv laga for verken nye eller gamle handelskonsept. Det må løne seg for dei som driv næring, og da må me andre vere villige til å legge att pengar hos dei ved å ta i bruk tilboda som finst der me bur.