OPPFORDRAR TIL Å LESE MEIR NETTAVIS: Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark.
OPPFORDRAR TIL Å LESE MEIR NETTAVIS: Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark. FOTO: Gro B. Røiland

– Nyheiter frå Midt-Telemark kjem ikkje bare på torsdag

Lokalavisa i Midt-Telemark er ein av fleire små og uavhengige lokalaviser i Noreg. Den kjem ut på papir ein gong i veka, slik den har gjort sidan oppstarten i 1986. I 2019 blei Bø blad også eit fullverdig digitalt produkt med betalingsløysing, og innbyggjarane i Midt-Telemark kommune kan nå lese om det som skjer der dei bur kvar dag heile veka. I nettavisa kjem nyheitene på løpande band dagleg, og det har blitt slik for redaksjonen vår som med dei aller fleste andre avisprodukt i landet at det er nettavisa som blir prioritert. Det er nemleg der me kan konkurrere med andre medieprodukt om å vere førstevalet til innbyggjarane i vår kommune og vårt distrikt.

På nettavisa har me etter kvart fått svært mange lesarar, men fortsatt står papirproduktet vårt sterkt, det ser me på abonnementstala våre. Me legg vinn på at dette produktet også skal ha kvalitet, sjølv om ikkje alt av nyheiter, og ikkje minst bilde, som blir produsert for nett kjem med på papir. Truleg må me med tida også avgrense storleiken på papiravisa enda meir.

Målet er at dei som bur i Midt-Telemark skal bruke nettavisa meir i nær framtid, for det er ein nøydd til. Det blir nemleg stadig vanskelegare å distribuere papiraviser i Noreg, og allereie nå kuttar stadig fleire aviser i talet på utgjevingar i veka. Me har ikkje noko å kutte med bare ei papiravis i veka, men opplever allereie nå distribusjonen av avisa som utfordrande, særleg i område der det er langt mellom postkassene. Det burde ikkje vere slik, men i store deler av distriktsnoreg opplever nå avisene vanskar med å få levert papiravisa til abonnentane sine.

Fortsatt vil Bø blad produsere papiravis, ikkje minst fordi me hentar store delar av inntektene våre i denne, men det vil vere naudsynt for oss å få fleire abonnentar og annonsørar til å bli aktive brukarar av nettavisa viss lokalavisa skal ha ei sikker framtid. Me vil derfor oppfordre fleire til å ta i bruk mulegheiten som ligg der til å bli digitale lesarar av lokalavisa.

Nyheiter i Midt-Telemark kjem ikkje bare kvar torsdag – dei skjer kvar dag og det formidlar redaksjonen løpande. Det er mange av lesarane våre, også i den eldre garde, som er aktive på digitale flater, og dei vil me også gjerne sjå som lesarar av nettavisa til Bø blad.