NYE FOLK PÅ PLASS: Kva har denne gjengen til felles? Dei skal krydre lokalsamfunnet det neste året. F.v. Kaja Bø Kaasa (29), Bjørn Arve Skjeslien (41), Wisse Renssen (17) og Turid Sveinsson (47).
Hilde Eika Nesje, Dag Einar Hvitsand (collage)
Denne gjengen skal krydre lokalsamfunnet det neste året
Bø blad følgjer opp ein lang tradisjon når lokalavisa igjen kan presentere fire nye spaltistar. Dei skal få boltre seg i den faste spalta Sidesprang.
I fleire år har lokalavisa invitert inn skribentar frå lokalsamfunnet i spaltene, som speglar ulik bustad, ståstad, alder og kjønn i Midt-Telemark. Målet med ei slik spalte er at fleire stemmer skal få plass til å ytre seg i Bø blad, som er det viktigaste bindeleddet mellom folk i kommunen.