VIL RIVE: Her er det ønskje om å rive dei gamle husa, som er freda, og byggje Burger King.
VIL RIVE: Her er det ønskje om å rive dei gamle husa, som er freda, og byggje Burger King. FOTO: Øystein Akselberg

– Skal amerikanarar leggje føringa for korleis det skal sjå ut i kommunen vår?

Denne veka var det fleire som blei tatt på senga i Midt-Telemark. I formannskapet dukka det nemleg opp den eine saftige burger-nyheita etter den andre. Dei som trudde det bare skulle handle om Burger King sitt ønskje om å rive eit verna hus i Bøgata, og i staden smelle opp ein bilbasert hamburgerrestaurant, må tenkje om att. Eigarane av Bøsenteret overraska ei heil bygd da dei slo til med både planar og teikningar av det dei vil satse på i nær framtid: Mc Donald´s i Bø sentrum. Den er planlagt bare nokre hundre meter nedanfor rundkøyringa der Burger King ønskjer å etablere seg.

Går desse etableringsplanane gjennom hos dei som skal bestemme på vegner av alle oss som bur her, kan me med rette kalle oss burgerbygda eller burgerbyen. Me kan i alle fall kjøpe burgermat på kvart eit hjørne av vesle Bø sentrum. Ei lita burger-telling viser at det allereie er og kjem til å bli burgerar å få på ni serveringsstader – ha oss unnskyldt dersom det skulle vere nokon me har gløymt. Med dei to gigantane som nå vil ha plass her i tillegg, blir det i alle fall godt utval i fast-food-konseptet. Det blir likevel mindre mangfald, mindre særeigent og lokalt preg over tilbodet, og i alle fall mykje mat som ikkje er definert som særleg venleg for helsa.

Dei mange arbeidsplassane som desse kjedene reklamerer med vil sjølvsagt gje ungdommar og andre sjansen til å skaffe seg arbeid, og truleg vil dei to burgergigantane også dra til seg ein god del forbipasserande som er på veg vest- eller austover på riksvegen. Kor lenge dei som stoppar blir her, og om dei eventuelt nyttar seg av andre næringstilbod i området, er likevel usikkert.

Det som er viktig for lokalpolitikarane nå er å stoppe opp og tenkje, og ikkje automatisk la seg bondefange av tanken på vekst for ein kvar pris. Dei som sit ved rattet bør heller ikkje la seg blende av storleiken i verdsmarknaden. Det er ikkje sikkert at det som er stort der ute, treng å vere det som blir stort og godt her heime. Det kan òg godt hende at det er riktig å seie ja til etableringane, men det bør i alle fall vere ein god diskusjon rundt det. Og det skal vere dei lokalt valte representantane som til sjuande og sist skal ta avgjersla om kva, kor og korleis. Det bør i alle fall ikkje vere ein amerikanar som skal sette føringar for korleis det skal sjå ut i vår kommune.