FAST SPALTIST: Wisse Renssen er fast spaltist i Bø blad - Lokalavisa i Midt-Telemark.
Hilde Eika Nesje
– Sykkelbygda på tynn is
Wisse Renssen (17) er fast spaltist i Bø blad og elev ved Bø vidaregåande skule. Han er glad i å prate når han er i ungdomsrådet, der han er leiar. Han er òg glad i å snakke andre stadar, eigentleg kvar som helst. Dessutan er han glad i korps. Viss han får snakke.
Eg flytta hit frå Nederland då eg var tolv, og eg har sykla til skulen kvar dag sidan eg var fire år gamal. I Nederland var eg van med det, og då eg flytta hit fortsette eg med det. Foreldra mine sykla også ned på jobb kvar dag, så det var aldri nokon til å køyre meg, og busskort har eg heller ikkje. Så, då vinteren kom, var eg klar. Den fyrste snøen falt, og eg heldt fram med å sykle til skulen. Då det kom litt varmare vêr, og snoen etter kvart vart til is, endra det ikkje noko. Ikkje hadde eg piggdekk, og eg vart med god grunn kalla galen av dei andre på skulen fordi eg sykla. Eg gjekk på trynet fleire gonger den vinteren, men det det hadde vorte ein vane, og det gjekk raskare enn å gå.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp