Video behandles, snart klar.

– Jo betre me kjenner kvarandre, jo betre kan me få det i Midt-Telemark

Bø blad – Lokalavis for Midt-Telemark lanserer denne veka eit nytt prosjekt som me har fått støtte til av Medietilsynet. Med innovasjonsmidlar har me som ein av dei uavhengige og mindre lokalavisene i landet fått mulegheiten til å jobbe konsentrert med eit spesielt tema som me synest er viktig. I tillegg kan me bruke krefter på å prøve ut meir digital journalistikk.

Prosjektet til lokalavisa heiter Internasjonale Midt-Telemark og har som føremål å presentere mangfaldet av folk i kommunen vår. Mange av dei som bur her kjem frå andre land og er med på å halde folketalet i regionen oppe. Det er svært mange nasjonalitetar representert i Midt-Telemark. Her bur det folk som av mange ulike grunnar har flytta til Noreg og vårt område, etablert seg og blitt verande. Det er folk med mange slags erfaringar og varierande bakgrunn, men som ikkje har vakse opp i Noreg. I lokalavisa skal dei få fortelje om seg sjølv og dele historier frå livet sitt slik at me andre som bur her kan bli betre kjent med dei, og oppdage litt fleire av dei spennande folka me kan bli kjent med – viss me vil.

Det er ikkje alltid like lett å flytte til eit nytt land. Kultur, språk og personlege utfordringar kan gjere det ganske utfordrande, det veit alle som har prøvd. Ein må ofte jobbe litt ekstra for å få innpass, og det kan av og til vere svært krevjande å få vener i eit lokasamfunn. I alle fall viss ein ønskjer noko meir enn overfladiske nettverk. I Noreg er me kjent for å vere litt lukka mot det framande, og me er ikkje så lette å få kontakt med når me på grunn av klimaet burar oss inne om vinteren, men me kan viss me vil. Dei som først har fått ein norsk ven, får ofte ein trufast ven.

Målet med prosjektet vårt er sjølvsagt å vere meir digitale og fortelje gode historier om folk som bur i kommunen vår, men me har også eit håp om at me kan vere med på å binde innbyggjarane betre saman. Jo meir me veit om kvarandre, og jo meir bevisste me er på mangfaldet og alle ressursane som finst her, jo betre kan me få det her me bur.

På boblad.no vil du denne våren bli kjent med mange flotte folk gjennom både video og tekst. Du vil også finne portrett av det internasjonale Midt-Telemark i kvar utgåve av papiravisa framover.