EIGEN APP: Nå kan du laste ned Bø blad Appen, seier marknadskon solent Josè Bakker.
Bø blad App
EIGEN APP: Nå kan du laste ned Bø blad-appen, seier marknadskonsulent José Bakker. FOTO: Unni Buverud

Nå kjem Bø blad-appen: – Fleire fordelar for lesarane

Denne veka lanserer Bø blad nettavisa på ein eigen App. – Den er gratis, og gjev deg alt du treng. I tillegg får du push-varsel på viktige saker, seier marknadskonsulent José Bakker.

Bø blad-appen har mykje av det same innhaldet som nettavisa til lokalavisa i Midt-Telemark. Du kan lese alle artiklane, sjå ledige stillingar, dødsannonsar og anna.

– Fordelen er at du også får eit push-varsel, ei melding på skjermen, viss det skjer noko viktig som folk bør få med seg. Når du har appen på mobiltelefonen, minner den deg dessutan om å sjekke Bø blad, akkurat slik du sjekkar Facebook, Instagram og andre appar, seier Bakker.

Logg inn som vanleg

Appen er gratis. Det er berre å logge seg inn, og da brukar du same brukarnamn og passord som du har på nettavisa.

Bakker seier det kan vere ei utfordring dersom du har gløymd brukarnamn og passord, men det kan la seg ordne. Ta kontakt med Bø blad, så får du hjelp med dette.

– Eg vil også oppmode husstandar der det er barn og ungdom om å tipse dei om Bø blad-appen, slik at dei òg kan følgje med på det som skjer i lokalmiljøet. Ein kan også laste ned appen om ein ikkje er abonnent, men då får ein ikkje lese sakene, bare sjå dei på framsida, seier Bakker.

TRYKK HER: – Slik ser Bø blad-appen ut, seier Bakker og peikar. FOTO: Unni Buverud

Kan laste ned saker

Ho nemner òg ein annan fordel med Bø blad-appen.

– Med den kan du òg laste ned saker, slik at du kan lese dei ved eit seinare høve. Til dømes om du er på fjellet utan nettilgang, men likevel har lyst til å lese siste nytt eller ei bestemt sak i avisa.

– Eg synest også det er artig at viss du trykker på e-avis-symbolet nedst på sida, kan du få historiske tilbakeblikk eller søke i arkivet. Me har sjølvsagt også fått med dødsannonsane i appen. Dei finn du ved å gå inn på menyen, seier Bakker.