I
Tjue år på vegen med songar på bøhering. Jubileet blir feira med ny plate og konsertar
For 20 år sidan starta Bygdabilly Band i Bø. Etterkvart skifta bandet både besetning og namn, og heiter i dag Ni Liv. Vokalist og låtskrivar Jon Solberg har vore med frå starten. Han lovar ny plate i jubileumsåret.
I samband med 20-årsjubileet, går bandet i studio i pinsehelga for å spele inn ein ny plate. Ni Liv skal ha jubilemskonsert på Telemarksfestivalen, og plateslepp i oktober, etterfylgd av jubileumsturne.