FEKK JOBBEN: Urban M. Eriksen har takka ja til jobb som kommunalsjef i Midt-Telemark kommune.
Gro B. Røiland, arkiv
Ny brikke på plass i kommunen sin sjefskabal: Har tilsett ny helsesjef
Brikkene med nye kommunalsjefar fell på plass ein etter ein i Midt-Telemark kommune. No er helsesjefen tilsett.Stillinga blei lyst ledig etter Cecilie Stangeby slutta i jobben som kommunalsjef for helsesektoren.Urban Eriksen har lang fartstid innan helsesektoren både i Midt-Telemark og tidlegare Bø kommune.Leiinga i Midt-Telemark kommune har parallelt jobba med å tilsette tre kommunalsjefar den siste tida. Kommunalsjef teknisk blei nyleg tilsett. Hans Kortner Ryen fekk jobben. Kommunalsjef oppvekst er lyst ut på nytt og har søknadsfrist 25. mai. Kommunalsjef for helsesektoren blei lyst ut 2. april med frist 27. april. Det kom inn tre søknader, og no er tilsetting allereie på plass.
Midt-Telemark kommune melder i dag at Urban Eriksen er innstilt som nummer ein og har takka ja til jobben som kommunalsjef for Helse og Mestring.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp