NYTT ALTERNATIV: USN vurderer nybygg på kommunens tomt mellom eige bygg og Gullbring.
Marta Kjølledal
USN har enno ikkje vedtatt utbygging: Ser på nytt bygg ved Gullbring
Rektor jobbar vidar med planane om utbygging ved USN i Bø. Det har kome opp eit nytt alternativ: Å byggje på kommunens grunn mot Gullbring.
No håpar rektor ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN), Petter Aasen, at ein blir klar til å bestemme seg i løpet av hausten. Då er det nytt styre, medan rektor er inne i sine siste månader. Aasen sa i styremøtet torsdag at med ny rektor er det ikkje til å unngå at ein del saker misser styrefart. Etter planen skal det vere ny rektor på plass 1. januar.