KØYR FORSIKTIG: Det er på sommaren og i ferietida dei fleste ulykkene skjer.
Trygg Trafikk
Trygg Trafikk åtvarar: Høgsesong for ulykker
Sommaren er den farlegaste tida å ferdas i trafikken. Då aukar nemleg alvorlege ulykker på norske vegar. Trygg Trafikk oppmodar alle til å vere ekstra forsiktige i ferietrafikken.
– Folk må vere klar over at det er sommaren, ikkje vinteren, som er på ulykkestoppen både når det gjeld antall omkomne og hardt skadde. Ikkje la deg lure av fint vér og gode køyreforhold, åtvarar pressesjef i Trygg Trafikk, Christoffer Solstad Steen i ei pressemelding.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp