FYRSTE: Billy Castillo og Robin Kolbjørnsrud set tenna i sesongens fyrste vaffel med Norsjø-utsikt.
Gro B. Røiland
Vaffelsesongen i gang – drog frå Notodden for å kjøpe godbiten
Fredag opna sommarkafeen Bryggebua på Akkerhaugen, og fyrste kunden hadde køyrt langt for å eta vaffel ved Norsjø. – Det er den beste vaffelen, seier Robin Kobjørnsrud frå Notodden.
For femte sommar på rad er Runar Sudbø Syvertsen å treffe i Bryggebua på Akkerhaugen brygge, i klubblokala til Akkerhaugen båtforening.