HOVUDSTAD: I denne byen bur det ein kjent liten figur.
Hilde Eika Nesje
Litt kjennskap til kunst og museum? Ta quizen!
Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Spørsmåla kan til tider vera farga av det. Denne gongen er det José sin tur.
- I kva for ein europeisk hovudstad finn du skulpturen «Manneken Pis» som på norsk betyr «liten urinerande mann»?
- I kva for eit museum i Paris heng kunstverket Mona Lisa?
- Kva heiter kunstnaren som har laga skulpturen Sinnataggen?
- Kva slags kunstverk kan du sjå i Madame Tussauds – eit museum med filialar i fleire verdsbyar?
- P.S. Krøyer var ein av skagensmålarane. I kva for ein norsk by var han fødd?
- I kva for ein europeisk hovudstad finn du den store katolske kyrkja «La Sagrada Familia»?
- Kva heiter arkitekten som teikna den?
- Kva for eit kjent bygg i Sydney blei teikna av den danske arkitekten Jørn Utzon?
- Den belgiske kunstnaren René Magritte lagde i 1929 eit oljemåleri av ei pipe. Kva skrev han under pipa?
- Frå kva for eit land kom kunstnaren Piet Mondriaan som er kjent for dei måleria med vassrette og loddrette linjer fylt med farger?
- Kva er Noregs største museum for kunst, arkitektur og design?
- Kva er verdas mest besøkte museum med 9,3 millionar besøk årleg?
- Kven hadde den mannlege hovudrolla i filmen «The Da Vinci Code» som bl.a. handlar om koder som er skjult i Leonardo da Vinci sine verk?
- Kva heiter den norske kunstnaren som malte verket «Livets dans»?
- Kva skjedde med Banksy-kunstverket «Girl with a balloon» rett etter det blei auksjonert i 2018?
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp