Levi Korsveien
Levi Korsveien

– Når bordet blir dekt, deler me fellesskap

Publisert Sist oppdatert

Bordet er blitt dekka med krystallklare glas, ein kvit duk, tallerkenar og bestikk. Det skin av dei levande lysa som er sett på bordet. Familie og venner er blitt invitert til middag. Ein annan stad i verda samlar dei seg til kveldsmåltid. Alle deler av det dei har av ris, vatn, nokre grønsaker og litt kjøtt. Etter kvart byrjar roa å senke seg, ein et maten og praten går laust rundt bordet. Mykje av det som skjer når menneske møtest finn stad rundt eit måltid. Me et saman og deler mat med dei me er glad i. Me lagar rituale rundt måltida. Bestemt mat skal til bestemte feiringar eller årstider. Nokon deler sine lykkelegaste stunder når middagen skal gjerast i stand til glede for familie og venner. Rundt eit fellesmåltid legg me merke til kvarandre. Me set oss ned, tar det meir med ro og praten går. Me ser kvarandre. Me deler livet, tankane våre og gledene så vel som sorgene. Det å dele eit måltid er noko av dei viktigaste felleshandlingane me gjer.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS