UHELL. Av og til går noko(n) på trynet.
UHELL. Av og til går noko(n) på trynet. FOTO: Privat

– Når noko(n) går på trynet

Å jobbe i små, private verksemder kan vere krevjande og svært sårbart. Det veit alle som har prøvd. Det veit alle gründerar og alle dei som satsar det dei eig for å drive enkeltmannsforetak eller små verksemder. Der er det verken tilkallingsvikarar eller tryggleik i offentlege pensjonsordningar å hente. I dei små selskapa er det som oftast ufatteleg mykje jobbing, særleg i oppstarten for å få ting til å gå rundt, og det er sjeldan store bonusar og løn i millionklassa. Ferieavvikling er heller ikkje det lettaste å få til.

Ein god porsjon stå-på-vilje og fleire idealistiske og usjølviske tilsette finn ein derimot i dei aller minste verksemdene i landet vårt, uansett bransje. Det er det noko herleg ved i dagens samfunn, der trenden er at ein ser på seg sjølv som den viktigaste brikka i systemet, ikkje fellesskapet. Og der tankegangen skal vere at «fellesskapet skal vere heldig som får meg», i staden for at «eg er heldig som får vere med i fellesskapet». For nokon kan det å skape noko, få utfalde seg sjølv og få til ting i eit godt fellesskap vere løn god nok, så lenge alt går som det skal.

Det er når noko eller nokon går på trynet at ein merkar kor sårbar ein er når ein er liten. Det har mellom anna me i Bø blad fått erfare, både tidlegare og i dei siste månadane. I eit påskefall på Lifjell, på det fem meter lange strekket mellom rasteplass og skiløype, klarte til dømes underteikna å bråstoppe slik i ein skavl at høgre skulder blei øydelagt og ein grundig operasjon måtte til. Det tar tid å lege slikt, og ein blir både sliten og ute av stand til å gjere det ein likar aller best: Bruke høgrearmen til å skrive i lokalavisa med. Bø blad har ein sjølvgåande og effektiv organisasjon, med utruleg flinke og arbeidssame tilsette. Likevel skaper det trøbbel i ein liten redaksjon når me over lang tid blir veldig få som skal levere veldig mykje til innbyggjarane i Midt-Telemark.

Det finst hjelpemiddel, som å lese tekstar inn på diktafon, men dei er dessverre så dårlege i nynorsk. Det finst òg utvegar, som å kutte ut å skrive leiar. Slik valte me å gjere det, men nå er me her igjen. Enten du likar det, eller ikkje.