FAST SPALTIST: Wisse Renssen er fast spaltist i Bø blad - Lokalavisa i Midt-Telemark.
Hilde Eika Nesje
– Me skulle ha gjort det slik som i Syden
Wisse Renssen (18) er fast spaltist i Bø blad og elev ved Bø vidaregåande skule. Han er glad i å prate når han er i ungdomsrådet, der han er leiar. Han er òg glad i å snakke andre stadar, eigentleg kvar som helst. Dessutan er han glad i korps. Viss han får snakke.
Eg var nyleg på ferie i Andorra, og eg har nokre erfaringar derifrå som eg gjerne vil dele. Det vesle landet ligg i Pyrenéene, midt mellom Spania og Frankrike. Sjølv med alle sine fjell og dalar er Andorra berre på storleik med Midt-Telemark kommune, Norsjø ikkje medrekna. Likevel bur det omtrent 80.000 menneske i landet, som er ein del meir enn kommunen vår kan skryte av. Det er omtrent som om ein hadde plukka opp Kristiansand by og kasta den ned her i dalen. Om me hadde gjort det, hadde ikkje akkurat naturopplevinga i kommunen forbetra seg.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp