BRUKAR FOR MYKJE: Midt-Telemark kommune held fram med å bruke meir pengar enn kommunar ein kan samanlikne seg med, og overforbruket veks. Bø blad har gjennomgått økonomien til den samanslåtte kommunen, og presenterer journalistikk som gjer eit djupdykk i kommunesamanslåinga. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand
BRUKAR FOR MYKJE: Midt-Telemark kommune held fram med å bruke meir pengar enn kommunar ein kan samanlikne seg med, og overforbruket veks. Bø blad har gjennomgått økonomien til den samanslåtte kommunen, og presenterer journalistikk som gjer eit djupdykk i kommunesamanslåinga. Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

– Nå grev me i kommunen, og innbyggjarane må på banen

Rett før jul i 2019 blei Bø blad tildelt pengar frå Fritt Ord, ei allmennyttig privat stifting som arbeider for å fremje ytringsfridom, offentleg debatt, kunst og kultur. Pengestøtta skulle gå til eit journalistisk graveprosjekt om kommunesamanslåinga i Midt-Telemark. Målet var å sjå nærmare på kva slag konsekvensar det såkalla «ekteskapet» mellom dei to tidlegare kommunane Bø og Sauherad har fått.

Underskotet veks, sjølv om kommunen får dei pengane den skal

Å få slik pengestøtte er verdifullt for ei lita lokalavis, ettersom gravejournalistikk er tid- og ressurskrevjande i ein allereie hektisk kvardag. Med frikjøp av ein journalist har me derfor hatt mulegheit til å sjå nærmare på både økonomiske lovnadar og andre intensjonar knytt til samanslåinga. Me har også fått fagleg støtte av Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) i Bergen. Faktabasert djupdykk er med på å ta brodden av synsing og skråsikkerheit rundt samanslåinga, og journalistikken me presenterer kan forhåpentlegvis gjere innbyggjarane i Midt-Telemark litt klokare - og gje fleire svar.

Kvar vart det av milliarden til den nye kommunen?

Det har vore nokre skjer i sjøen undervegs, som koronapandemi og sjukdom, som har forseinka arbeidet. Det betyr ikkje så mykje, og det er vel så interessant å presentere resultatet av det journalistiske prosjektet vårt nå. Den nye kommunen har sett seg litt meir, og me har fått meir fakta om det som faktisk har skjedd etter samanslåinga. Bryllupet og kveitebrødsdagane er over og kvardagen er her, og dei tek me tempen på.

Kommunen som gjekk frå minus til solid pluss

I fleire saker framover vil me presentere ulike sider ved den nye kommunen. Me har allereie publisert artiklar knytt til ei meiningsmåling blant innbyggjarane, og det kjem meir: Me ser på økonomien, pengar som vart lova og kva dei kommunetilsette meiner. Det er eit stort og krevjande arbeid som er gjort av journalist Marta Kjøllesdal, og det er me stolte av. Arbeidet viser kor viktig det er å ha ei lokalavis som set fokus på å forklare det som skjer, lettar på teppet og prøver å finne svar.

– Eg meiner politikarane har gjort nok for å få økonomien i balanse

Bø blad - Lokalavis i Midt-Telemark vil vere der for innbyggjarane i kommunen, i både stort og smått, og nå oppfordrar me alle til å bruke avisa til debatt. Meiner du noko om kommunesamanslåinga eller har andre innspel, så kom på banen! Ingen ting er betre enn engasjerte innbyggjarar. Det gjeld for øvrig også i saker som ikkje handlar om kommunesamanslåing.

Brukar seks møte på Pride-flagg, og lite tid på å gje vekk fire millionar

Fokus: Kommunesamanslåing

  • Bø blad har fått støtte frå Fritt ord til eit graveprosjekt om kommunesamanslåinga i Midt-Telemark.  
  • Fagleg støtte er også gitt frå Senter for undersøkende journalistikk (SUJO).  
  • Målet med prosjektet har vore å sjå nærmare på økonomiske konsekvensar og andre sider av kommunesamanslåinga.
  • Bø blad har analysert dokument og gått gjennom rapportar frå Telemarksforsking og Framsikt. Sakspapir til kommunale møte og årsmeldingar frå tida før og etter samanslåinga er òg brukt som kjelder. Me har også gått gjennom artiklar  som tidlegare har vore publisert i Bø blad.  
  • I ei spørjeundersøking gjennomført av Bø blad er dei tilsette i kommunen spurt om kva dei tenkjer om korleis samanslåinga har gått, med utgangspunkt i intensjonsavtala for samaslåinga. 
  • Dei tidlegare ordførarane i Bø og Sauherad, Olav Kasland og Mette Haugholt, var med på å leggje grunnlaget for samanslåinga. Dei er spurt om kommentarar, men vil ikkje uttale seg.