MEINING: Helge Fossheim
Bø blad, arkiv
– Kommuneøkonomi, sykkeltvang og Lifjell
Etter ei merkeleg telefonoppringing til enkelte, blei me ein kommune med eit nødskrik, men utfallet var sikra av kommunestyret uansett. Det skulle nesten bli milliard-gevinstar og stordriftsfordelar, blei folk lokka med. Kanskje ordet er misoppfatta fordi me driv allerede stort. Det er ikkje mange kommunar med under 10.000 innbyggarar, med så korte og raske avstandar som har to legesenter, to-tre basseng og to brannstasjonar. Skulestrukturen er det farleg å sjå på, fordi nokon kan bli lei seg i det nye kommunestyret.