Bø ungdomslag fortset ein lang og god tradisjon når laget inviterer til valmøte før haustens kommunestyreval.
Tysdag 29. august riggar dei til scene og sal på Sandvin. Der stiller ni lokale politiske parti med ein representant kvar. Tormod Hynne tek ei lita pause frå jobben i TV2 for å kome heim til Bø og leie den lokale valdebatten. Med seg til å planleggje og gjennomføre det viktige valmøtet har han Kristin Ødegård Vestgarden og Ingrid Askildt, som representerer ungdomslaget.
Hyggeleg møte
Ungdomslaget vil gjennomføre valmøtet etter same lest som tidlegare: Første bolk vil handle om ein del utvalde tema og politikarane får to minuttar kvar til å orientere veljarane om politikken sin. Det blir ei pause midtvegs, med kafé og tid til litt prat over småborda. I andre bolk blir hovudvekta på spørsmål frå publikum.
– Me ønskjer oss spørsmål levert skriftleg. Folk må sende dei til oss på e-post innan fredag 25. august. Me kan også ta imot skriftlege spørsmål i inngangsdøra før valmøtet, seier Ødegård Vestgarden og Askildt.

TRE SENTRALE: Trioen Ingrid Askildt (f.v.), Tormod Hynne og Kristin Ødegård Vestgarden inviterer til stort valmøte på Sandvin før kommunevalet. FOTO: Øystein Akselberg
Temperatur
– Me vil ha publikum med på laget, og vil gjerne at folk engasjerer seg i kva tema me skal fokusere på. Det blir ein god temperaturmålar på kva som interesserer folk. Så er det opp til oss som står bak å få opp temperaturen både på scenen og i salen, seier Hynne.
– Målet vårt er sjølvsagt å opplyse folk om kva politikarane står for og få folk til å gå og stemme, seier dei to ungdomslag-damene.
Arrangørane tenkjer at dei vil velje ut tre til fem viktige tema.
Fleire viktige tema
– Me kjem vel ikkje utanom kommuneøkonomien, seier Ødegård Vestgarden.
– Me må spørje politikarane kva dei vil ofre for å få budsjettet til å gå i balanse, fortset Hynne, og legg til at det å kutte 60 millionar kroner i budsjettet vil krevje upopulære tiltak.
Arrangørane ser også for seg at dei må utfordre politikarane på kven som vil spele på lag når valresultatet er klart. Kva for samarbeidskonstellasjonar er det som gjeld, kven støttar kven, og ikkje minst: Kven kan dei absolutt ikkje vere på lag med?
– Me håpar å bli inspirert av folk som engasjerer seg i kva for tema me skal ta opp. Engasjement frå publikum er viktig for å få til eit godt møte, seier Hynne.
Aktuelle tema komitéen har på blokka er kommuneøkonomi, eldreomsorg, hytteutbygging på Lifjell, støy og bråk frå bilkøyring i gata, næringspolitikk, skule og oppvekst.
Komitéen lovar knallhard styring med stoppeklokka ved politikarane sine to minuttars innlegg, og Hynne lovar å vere tøff ordstyrar om politikarane prøver seg på lange bortforklaringar.
– Litt temperatur og glimt i auget må me få til også, seier Hynne.
Spørsmål til debatten kan ein sende på e-postadresse til Bø ungdomslag: bungdomslag@gmail.com

SKAL FYLLE LOKALET: Ingrid, Tormod og Kristin ventar at det blir trongt om plassen når det er klart for valmøte. FOTO: Øystein Akselberg