GRUNN TIL Å SMILE: Opplagstala som blei presentert i år gir dei tilsette i Bø blad grunn til å smile. F.v. Øystein Akselberg, Rune Digranes Bøen, José Bakker, Marta Kjøllesdal og Hilde Eika Nesje.
GRUNN TIL Å SMILE: Opplagstala som blei presentert i år gir dei tilsette i Bø blad grunn til å smile. F.v. Øystein Akselberg, Rune Digranes Bøen, José Bakker, Marta Kjøllesdal og Hilde Eika Nesje. FOTO: Gro B. Røiland

– Spenner du bein på oss?

Ei bjørneteneste. Det var dét medium i heile Noreg sørgde for å gje seg sjølv da det berømte internettet byrja å bli ein publiseringskanal for nyheiter på 1990-talet. I starten ga ein bort alt innhald, og folk blei bortskjemde: Alle og ein kvar fekk servert nyheiter gratis kvar dag.

Utover 2000-talet blei marknadsmodellen som media hadde bygd sin eksistens på endra. Annonsemarknaden blei tråare, og stadig fleire medium blei digitalisert. Likevel måtte ein fortsatt halde liv i papiravisa, fordi det var der dei største inntektene låg. Problemet var, og er fortsatt, at dei færraste klarar å dra med seg annonseinntektene inn på dei digitale flatene. Verst har det gått utover dei største riksmedia og regionsavisene. Dei minste lokalavisene har fortsatt halde stand i nokre år, men nå er situasjonen annleis. Utgiftene til å lage papiravis aukar for kvart år, og distribusjonen blir stadig vanskelegare. Ein er nøydd til å vere digital for å henge med – og overleve. Det er der framtida er.

Når finansieringa forsvinn, må ein finne nye inntektsmulegheiter. Medium over heile verda har nå skjønt noko viktig, sjølv om ikkje alle lesarar vil vere med på det: Produktet vårt er innhald. Det er det me sel, og som ei kvar anna verksemd må me ta betalt for produktet vårt. Det er ikkje gratis å lage innhald.

Lokalavisa i Midt-Telemark lagar ansvarleg og redigert innhald for å informere, opplyse og underhalde alle innbyggjarar i kommunen. Me sel produktet vårt, akkurat som daglegvarehandelen og bensinstasjonen sel sitt. Og det me sel er heilt unikt: Det er ingen andre stader innbyggjarane i vår kommune finn så mykje lokalt stoff, om smått og stort, om plassen dei bur på.

Tenk over det: Kor har du det frå, det du pratar om, det som skjer og det som blir bestemt i bygda di? Truleg frå Bø blad – lokalavisa i Midt-Telemark. Og er du villig til å betale for at du fortsatt blir opplyst om det som skjer der du bur? Du blir i så fall ikkje ruinert.

Viss du er glad i lokalavisa di, og skjønar konseptet, sluttar du å mase om at innhaldet vårt skal ligge ope for alle (den avgjersla tek i tilfelle me). Du kan heller støtte ved å abonnere, og heie ved å dele sakene våre. Og viss du deler: Ikkje fortel om innhaldet på eiga side – da stel du litt! Det er rett og slett å spenne bein for lokalavisa di!