FAKSIMILE: Bø blad for 25 år sidan.
FAKSIMILE: Bø blad for 25 år sidan. FOTO: Bø blad, arkiv

Laga 4H-oppgåve på seterdrift

Frå arkivet: Bø blad for 25 år sidan, den 20. august 1998.

Jenny Ann Årmot frå Bø har brukt sommaren til å skaffe seg praktisk kunnskap for neste års 4H-oppgåve, som går på seterdrift. Heile juli månad har ho vore på Gavlesjåstulen nord på Lifjell saman med tanta si, Anne Anundskås, og ein prektig bøling med mjølkekyr.

Jenny Ann har deltatt i alle dei daglege gjere­måla som mjølking og foredling av mjølka til blant anna kvit ost, prim og smør. Det blei også ein del vedbering, for dagen lang skulle det vera god varme i omnen under prim- og ostekokinga.

Aller best lika den 16 år gamle bøheringen arbeidet med kyrne. Dei hadde straumaggregat og mjølkinga gjekk føre seg med mjølkemaskin. Eit par av kyrne var ikkje van til maskinell mjølking, så dei måtte Anne mjølke for hand.

Hyttefolk og forbipasserande feriefolk blei ønskt velkommen til Gavlesjåstulen med tilbod om kjøp av rjomegraut og stølsprodukt av god, gammaldags kvalitet. Jenny Ann fortel at det var ein del som kom opp frå byen kun for å få sikre seg desse ettertrakta varene.

Gavlesjåstulen har lange tradisjonar og sagnet fortel at Hr. Svein budde der på 1300-talet for å unngå Svartedauden.

Dei fire siste somrane er det Anne Anundskås som har vore ansvarleg for drifta på stulen. Ho og mannen Halvard er nye eigarar på Su Lia i Heddal, og det er nok mange som set pris på at dei held stulsdrifta i hevd på godt, gammaldags vis.