Val valdagen 2021  Bø stemmelokale stemme
 Vallokale Gullbring avlukke stemme
VALDAG: Stemmelokalet i Gullbring. FOTO: Marta Kjøllesdal

– Den største trusselen for demokratiet vårt er dei som ikkje gidd å stemme

Ved førre val i Midt-Telemark var det 8130 personar som hadde rett til å stemme i kommunen vår. Valet blei gjennomført for den nye kommunen, og det samla valresultatet blei samanlikna med samla resultat for Bø og Sauherad kommunar ved valet i 2015. Bare 59 prosent av innbyggjarane i Midt-Telemark brukte stemmeretten sin i 2019. Det kan me trygt seie er altfor dårleg. Å ha mulegheiten til å vere med på eit demokratisk val, der alle vaksne innbyggjarar kan påverke kven som skal representere dei i styre og stell, er ein rett me må dyrke og ta vare på. Me har mulegheit til å medbestemme, og det må me for all del ikkje la gå frå oss. Gjer me det, risikerer me at demokratiet forvitrar og i verste fall vaklar.

Det er 29 plassar i kommunestyret i Midt-Telemark, og dei er fordelt mellom ni ulike parti. Desse partia kan alle borgarar løfte fram, alt etter kva dei meiner om ulike saker i lokalsamfunnet. Det er viktig at alle stemmer på det partiet som ein kan seie seg mest einig i. Ved å stemme er ein med på å oppretthalde mulegheiten til å seie sitt og få rettferdige val. Å velje å sitje heime er det same som å melde seg ut, og det verste for eit demokrati er alle dei som ikkje gidd. Ved å ikkje bruke stemmeretten er ein med på å degradere sjølve kjernen i demokratiet: Alle sin mulegheit til å meine noko om korleis ein vil at landet og lokalsamfunnet ein bur i skal bli styrt.

I Bø blad har me som alltid ekstra fokus på lokalvalet. Me prøver å vere der det skjer, og me vil opplyse innbyggjarane om ulike sider ved det. Me presenterer listekandidatar, er på valmøte og set fokus på ulike tema. I år lagar me også enkelt digitalt innhald for å både nå og løfte fram yngre generasjonar i kommunen vår. Ungdommen er framtida, og dei må også forstå kor viktig det er at deira stemme blir høyrd.

Lokalavisa i Midt-Telemark har også gleda av å sleppe til svært mange engasjerte innbyggjarar i spaltene. Me i Bø blad er skikkeleg stolte av å vere den viktigaste opne debattarenaen i vår region, og me har låg terskel for å ta inn innlegg fordi me meiner at det er viktig å la eit breitt lag av befolkninga få ytre seg. Og det er ikkje bare under valet det er slik, heldigvis!

Alt dette, i tillegg til å følgje med på dei som har makta og fortelje kva dei gjer med den, er vår måte å røkte demokratiet på. Me ønskjer alle eit godt val – og håpar mange brukar stemmeretten sin.