Men kan denne omsorga ha sin pris? Eg trur svaret på dette for mange er eit dyrekjøpt «ja». Nokon av oss treng å høyre at det ikkje er egoistisk å ta vare på seg sjølv. Treng du?
For mange av oss kjenner oss så sterkt knytt til historia og skjebnen til den trengande. Så sterkt at vi ikkje klarar å halde på eigne grenser. Så overansvarlege at vi gløymer å utfordre den andre. Ei søppelkasse som fyllast opp med lidinga til den andre, heilt ubeskytta. Det kan bli grenselaust og nådelaust.
Som hjelparar har vi eit ansvar for å utfordre dei som treng hjelp, men òg eit livsviktig ansvar for å bry oss om oss sjølve. Ingen er tent med utbrente hjelparar som har strekt strikken for langt.
«Gjev akt på deg sjølv», sa Paulus. Eg trur det handlar om å ta seg sjølv på alvor, gje seg sjølv eigenomsorg. Vi er skapte med grenser. Paulus brukar metaforen om lekamen og lemene – alle skal ikkje gjere alt. Heldigvis.
Vi må ta kvilen på alvor. Trekkje oss tilbake. Også Gud kvilte den sjuande dagen. Jesus trakk seg unna folkemengda for å vera aleine med sin Far. Vi kan øve oss på å leggje til rette for ein sunn balanse mellom arbeid og kvile. Du viser respekt for deg sjølv som menneske når du erkjenner at du har begrensa kapasitet og behov for avkopling. Rett og slett vera heilt uverksam iblant. Fylle på tanken med det som gjev deg krefter. Skape rom for avveksling.
Vi skal bry oss om kvarandre, men vi kjem til kort om vi ikkje bryr oss om oss sjølve. Klarar vi den balansen?
Faktaboks
Sauherad og Nes sokn er ein av dei faste organisasjonane i Bø og Sauherad som gjestar denne spalta på omgang. Dei andre er Advokatane Kåsa og Nilsen, Bø Museum, Bø sokn og Evju bygdetun.