STØRST SJANSE: F.v. Nikolai Boye, Høgre, Bjørn Magne Langkås, Fremskrittspartiet Bjørn Nordbø, Miljøpartiet De Grønne, og Evy Beate Stykket, Venstre, er kandidatane med størst sjanse til plass.
STØRST SJANSE: F.v. Nikolai Boye, Høgre, Bjørn Magne Langkås, Fremskrittspartiet Bjørn Nordbø, Miljøpartiet De Grønne, og Evy Beate Stykket, Venstre, er kandidatane med størst sjanse til plass. FOTO: Marta Kjøllesdal

– Det er viktig å stemme inn folk frå vårt område i fylkestinget

Dårlege vegar, tilbodet i vidaregåande utdanning, kulturpolitikk, næringsutvikling og tannhelse. Det er noko av det dei kjempar om å få påverke

Det er fleire val ein bør stemme i søndag og måndag. I tillegg til å velje representantar til kommunestyret, skal det også veljast personar som skal sitje i fylkestinget. Og etter dette valet skal Telemark fylke gjenoppstå etter fire års ekteskap med Vestfold.

Slik er det nye fylket: Midt-Telemark har truleg berre ein kandidat med sjanse

Pushe i kollektivsaker

– Samferdsel er viktig og det er viktig å ha nokon frå området som kan pushe på i kollektivsaker. Eg er oppteken av kulturpolitikk, der er fylkeskommunen viktig. Og i miljøsaker er det viktig at fylket har overordna planverk og ser på tvers av kommunar.

Det seier Evy Beate Stykket, Venstre (V), ein av dei fire frå Midt-Telemark med best listeplassering i fylkestingsvalet.

Bjørn Nordbø frå Miljøpartiet De Grønne (MDG) meiner det er viktig med brei representasjon på dette administrasjonsnivået også.

– Nå skal me byggje eit heilt nytt fylke. Den viktigaste oppgåva til fylket er å vere samfunnsbyggjar, å legge til rette for næringslivet og legge til rette for å skape nye jobbar, seier Nikolai Boye, Høgre (H).

Medan Stykket har stått på fylkestingslista langt nede før, er Nordbø ny. Boye har ein periode bak seg i fylkestinget. Bjørn Magne Langkås frå Fremskrittspartiet (Frp) har tre periodar tidlegare.
Langkås trekkjer fram samferdsle og vidaregåande skular.

– Det er to veldig viktige område, seier han og viser til at begge også gjeld unge, dei unge skal også ut på vegane.

Fritt skuleval eller ikkje

Når det gjeld vidaregåande skular har inntaksområde vore eit viktig felt. Skal fylket vere eitt område, eller skal ein dele i Grenland og resten av fylket.

– Me er for fritt skuleval. Me trur ikkje det vil føre til nedleggingar av skular. Avstandane er for store, meiner Boye.

Langkås er einig, medan Stykket vil ha deling. Nordbø er einig med henne.

Offensive for å få til næringsutvikling

Fylkeskommunen har relativt mykje pengar til næringsutvikling.

– Me må vere offensive, svarar Boye på spørsmål om korleis politikarane kan hente slike pengar til kommunen vår. Langkås er einig i dette.

Stykket peikar på at når ein er på fylkesnivået må ein sjå kommunane i samanheng. Skjer det noko i ein kommune som naboen kan ha glede av, er det viktig å legge til rette for det.

Vil kjempe for Midt-Telemark

Det blir diskusjon når temaet kven ein skal kjempe for kjem opp. Skal ein jobbe for heile fylket, eller for eigen kommune.

Debatten om kokkelinja som ein nesten hadde i hamn i Bø blir trekt fram. Vedtaket vart til slutt at det skal vurderast ei slik utdanning i øvre Telemark. Boye fryktar at det ikkje omfattar Midt-Telemark.

– Eg vil kjempe for Midt-Telemark når me har gode løysingar, seier Nordbø.

Dette er sakene til kandidatane:

Viktige saker:

Bjørn Magne Langkås:
* Vedlikehald av vegar
* Kollektivtrafikken må tilretteleggast for dei som brukar den. Bussen til Torp må f.eks. gå til Torp og ikkje til togstasjonen i Porsgrunn.

Nikolai Boye:
* Riksveg 36 Skjelbredstrand til Ulefoss og E134 Saggrenda–Notodden må inn i Nasjonal transportplan.
* Tømmerterminal på Nordagutu

Bjørn Nordbø:
* Telemarkspendel med timesavgang med tog frå Drangedal til Nordagutu.
* Utvikling av nye næringar og ei nyansering av kva som er grøne næringar.

Evy Beate Stykket:
* Skule og utdanning, det å ha fleksibel utdanning, spesielt viktig i vidaregåande. Både å sikre at det er nok praksisplassar og fleksibilitet.
* Kulturpolitikken, her er fylkeskommunen viktig.