Vestfold og Telemark fylkeskommune, Bypakke Grenland og Vy buss AS i Telemark gjer ein siste innsats for å få folk til vallokala.
Gratis transport til vallokala
No kan du kome deg gratis til vallokalet dersom du kan bruke ein gul Farte-buss der du bur. Det skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.
– Søndag 10. og måndag 11. september kan du reise gratis med dei gule Farte-bussane til vallokala i Telemark. Valkortet, på papir eller digitalt, er bussbilletten. Det viser du berre til bussjåføren, skriv fylkeskommunen.

PÅ TILBODSSIDA: Fylkesordførar Terje Riis-Johansen FOTO: PER SIAN JONSEN
– Bruk stemmeretten
– Me er opptatt av at alle brukar stemmeretten sin, og vil leggje til rette for at så mange som muleg kjem seg til vallokalet, seier fylkesordførar Terje Riis-Johansen.
Han trur at gratis buss til vallokalet kan gjere det enklare å stemme.
Han minner også om at det er to val: kommuneval og fylkestingsval, og at det er viktig å stemme i begge.