SPESIELL KØYREDONING: Odd Ragnar Wiik på Teksten camping skaffa seg ein heilt spesiell bil og campingvogn i sommar. FOTO: Unni Buverud
NYTT UTEKJØKKEN. Dei har hatt 10-15 prosent færre gjester i sommar på grunn av det dårlege vêret, men i august venta dei ein del utanlandske gjester. Katrine Mjelva Østergaard på Breiva glamping ser derfor optimistisk på glampingsesongen. Utanfor den nye vinterstoga, ved enden av låven, har Katrine og mannen fått sett opp eit utekjøkken med steinomn, der gjestene mellom anna kan steike seg pizza. Sjå reportasje om Breiva på boblad.no. FOTO: Unni Buverud
POPULÆR ISKREMKIOSK PÅ TORGET: Malala Oriakhail (10) (t.v.) og Emma Gonzalez Strand er innom Soften isbar, som går så det susar i sin tredje sesong. Kioskeigaren melder at det går definitivt mest av rein sjokoladeis, cookie dough, orio og brownie, men sorbet er også populært, særleg med bringe­bærsmak. FOTO: Øystein Akselberg
BESØK FRÅ POLEN: I sommar har Midt-Telemark kommune hatt besøk av ein delegasjon på elleve personar frå Nisko kommune i Polen, som er ein av 29 polske kommunar som er med i eit prosjekt med kommunesektorens organisasjon KS, norske og islandske kommunar. Målet med prosjektet er å styrke polske kommunar si trategiske utvikling. Det var god stemning og mykje latter da norske og polske kommunemedarbeidarar møttest, og denne gong fekk dei polske gjestene mellom anna med seg dei raude t-skjortene til Bø Auto, som er kjent frå TV-serien Rådebank. FOTO: Privat
VAKKERT SKODE: Humla og blomen sitt fine møte er viktig for oss alle. FOTO: Simon Jeppesen
PUSSAR OPP: Det pågår arbeid med oppussing av fasaden på Skobbabygget i Bøgata. To karar i ein lift høgt oppe på veggen i solsteiken. I bygget held Provence restaurant og Placebø cocktailbar hus. FOTO: Øystein Akselberg
LYKKE PÅ LIFJELL: Molter blir sett på som ei delikatesse og du spør helst ikkje ein molteplukkar kvar han eller ho finn bæra. Om du gjer, så får du sjeldan svar. Denne blei i alle fall funne ein stad på Lifjell 9. juli. FOTO: Gerd Skoland
EIN GRØN OASE: På Evju bygdetun på Hørte er det aktivitet både rundt hus og i hage. Her ser ein mathagen i all si prakt. Rundt ein fin steinsett dam gror alle slags vekstar. FOTO: Øystein Akselberg
LinselusA på lifjell. Denne fine luringen undrar seg nok på kven som har kome hit nå, nysgjerrig og forsiktig på same tid. Foto: Lovise Meland FOTO: Lovise Meland
TØMMERTRANSPORT: Hogsten er komen godt i gang i området ved Åstjønn i Breisås. Nye skogsområde blir dagleg hogd og tømmerbilar er hyppig på besøk. Dei køyrer den 2,1 kilometer lange nye skogsbilvegen frå bustadfeltet i Breisås og nesten fram til Åstjønn oppe i åsen. Her er ein tømmertransport. FOTO: Øystein Akselberg
PÅ BESØK: I 2017 kjøpte Morten og Arne Langkaas tilbake denne lastebilen, ein Scania 141 1978-modell, som dei 22 år før selte til Bø tråvlag. På tråvbanen blei den brukt året rundt til brøyting, vatning og slodding av bane. Arne Langkaas har pussa opp bilen, og på tråvlaget sin grillkveld ein fredag i august kom Scaniaen og Arne Langkaas på besøk. Da dei rulla inn porten, reiste samtlege seg og applaud­erte, fortel Kjetil Hynne. På bildet Hynne (t.v.), Arne Langkaas og Scania 141. FOTO: Privat
VETERANAR: Lokalpolitikarane held ut og vil møte innbyggjarane. Nokre parti stod på stand på torget også sist laurdag, og der møttest desse fornøgde karane. F.v. Einar Fagerås, Frode Lieungh og Halvor Langåsdalen. FOTO: Hilde Eika Nesje
KOS FOR STORE OG SMÅ: På alle kantar av Evju bygdetun var det folk å finne da Saude og Nes bondelag, Bø bondelag, Sauherad bygdekvinnelag og Evju bygdetun inviterte til Open gard. Her baud dei på aktivitetar av mange slag, kortreist frukt og grønt og suppe laga av mat dyrka i nabolaget. Inger Johanne Oskarsen i Sauherad bygdekvinnelag hjelpte Viljar og Lykke Anstensen med å skrelle eple. Les meir om denne dagen på boblad.no. FOTO: Gro B. Røiland
SJELDANT BESØK: Ein dag var to ungfuglar av arten Storskarv på besøk i øvre dam i Evjudalen i Bø sentrum, den såkalla Robek-dammen, like nedanfor varmesentralen. Fuglekjennar Morten Rask Arnesen stadfestar at det er eit heller sjeldent besøk. Han peikar på at fuglane trivast aller best om dei kan få sitje på slike kvilesteinar ute i dammen og at det er eit viktig element i slike dammar og vassdrag. At det er to ungfuglar ser ein på at dei er lyse i brystet. FOTO: Øystein Akselberg
HAUST. Når tytebæra lyser raudt mot deg i skogen, er det eit teikn på at sommaren er på hell og at hausten nærmar seg. Desse lekre bæra kan nok freiste mange til ein tur i bærskogen. FOTO: Kristin Ødegård Vestgarden

Sjå glimt frå det som skjedde i august

Litt av kvart har skjedd i sommar. Her er nokre smakebitar frå livet i Midt-Telemark.

Publisert Sist oppdatert

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS