Val valdagen 2021  Bø stemmelokale stemme
 Irene Øygarden stemmer. Mari Mølstre t..v. og Reidun Moen passar på
BORGARPLIKT: Irene Øygarden gjer borgarplikta og stemmer. Mari Mølstre (t.v.) og Reidun Moen passar på at alt går rett føre seg. FOTO: Bø blad, arkivfoto

– Skikkeleg stussleg at bare litt over halvparten gjorde det

I morgon, fredag 15. september, er den internasjonale dagen for demokrati, vedtatt av FN si generalforsamling i 2007. Sjølv om ikkje ordet «demokrati» er nemnd i FN-pakta, kjem fleire av artiklane i FN si verdserklæring for menneskerettar inn på tema som er knytt til demokrati. Blant desse er ytringsfridom, organisasjonsfridom, stemmerett og rett til politisk deltaking.

Desse verdiane står sterk i det norske samfunnet, der folkestyre og medborgarskap blir oppfatta som sjølvsagte rettar. I Noreg kan me alle vere med og bestemme kva for ein politikk som skal førast. I årets lokalval hadde me også denne gyldne mulegheiten. Den sjansen var det dessverre bare 57,7 prosent som nytta seg av i Midt-Telemark, og det er skikkeleg stussleg. Er det bare litt over halvparten av innbyggjarane som har lyst til å vere med og bestemme i kva for retning kommunen vår skal gå i? Og kva for plattform gjev denne labre deltakinga dei som nå har fått stemmene våre? Kan dei vere sikre på at dei styrer på vegner av alle når såpass få vel å bruke stemmeretten sin?

Den låge og synkande valdeltakinga er eit dilemma, og den negative trenden kan vere farleg for styreforma vår. Me har sett grelle eksempel på det både gjennom historia og i dag. I store delar av verda er det uro og lite som minner om medbestemming og tilfredse borgarar. Det er òg fleire eksempel på kor vaklande demokratiet kan vere viss det til dømes dukkar opp autoritære skikkelsar med stor trong til makt der ikkje borgarane er informerte og deltakande i samfunnet.

I Midt-Telemark har den politiske retninga endra seg i dette valet. Akkurat som i resten av landet gjer partia på høgresida det svært godt. Senterpartiet går likevel mot den nasjonale trenden, står seg svært solid gjennom valet og er fortsatt det desidert største partiet i kommunen. Med 29,5 prosent støtte frå veljarane gjer partiet også heilomvending og lener seg nå mot blå kameratar i lokalpolitikken. Kva dette vil få å seie for utviklinga i kommunen skal bli spennande å følgje med på. Dei som ikkje har stemt har ikkje noko dei skulle sagt. Om dei ville det annleis, kunne dei gått til stemmelokala. Valet er gjort.

Alle dei 167 innbyggjarane som takka ja til å stå på ei valliste i Midt-Telemark skal ha takk. Takk for at de engasjerer dykk og stiller opp i den store og viktige dugnaden som politisk arbeid er. Og gratulerer til dykk som blir ein av dei 29 representantane som skal bestemme på vegner av alle oss som bur i Midt-Telemark. Lykke til med det demokratiske arbeidet!