GLADE: Dei tilsette i Bø blad er glade for resultatet. Her er nokre av dei: Øystein Akselberg, Gro B. Røiland, José Bakker og Hilde Eika Nesje.
GLADE: Dei tilsette i Bø blad er glade for resultatet. Her er nokre av dei: Øystein Akselberg, Gro B. Røiland, José Bakker og Hilde Eika Nesje. FOTO: Marta Kjøllesdal

Dei minste veks: Kanalen og Bø blad best i heile fylket

Mediebedriftenes Landsforening (MBL) registrerer utviklinga i opplaget til norske aviser. Siste rapport viser gledelege tal for både Bø blad og Kanalen.

Det er berre tre aviser i fylket vårt som veks i opplag første halvår i 2023, samanlikna med første halvår i fjor. Bø blad og Kanalen, som er eigd av Bø blad, er to av dei. Bø blad har ein prosentvis vekst på 2 prosent, medan Kanalen veks med heile 6,1 prosent.

Tala viser at i tillegg til lokalavisene i Midt-Telemark og Nome veks også lokaleigde Vest-Telemark Blad (VTB). Avisa går fram med 0,4 prosent i opplag.

Har nådd 2.800 abonnentar

Bø blad kjem ut med eit totalabonnement, som omfattar både digitale og papirabonnentar, på 2.800. Det er ein auke på 54 frå første halvår i 2022. Det er 2.389 som har komplett-abonnement medan 308 har berre digital avis. Det er også 103 som berre abonnerer på papiravisa.

– Dette er me veldig tilfredse med i ei tid der folk snur meir på krona, og det viser at dei minste lokalavisene gjer ein viktig jobb i samfunnet. Me skriv om det som skjer der folk bur, og om det som vedkjem innbyggjarane i kommunen vår av stort og smått. Lokalavisene er i tillegg ein samlande faktor og identitetsberar i lokalsamfunnet, seier ansvarleg redaktør i Bø blad, Hilde Eika Nesje.

Ho framhever kor viktig det er å vere tett på folk, og at lokalavisene heller ikkje gløymer informasjons- og folkeopplysningsperspektivet i ei tid der underhaldningsbransjen ser ut til å trengje seg fram på alle arenaer.

– Me har fortsatt eit potensiale til vekst i vår kommune, men er stolte av at det har vore lite nedgang i abonnementstala dei siste åra. Det går jamt og trutt oppover, og det er bra, seier Eika Nesje.

Opplagsvinnaren

Ho gler seg også stort over den store veksten i avisa Kanalen i Nome, som er 100 prosent eigd av Bø blad. I første halvår i år hadde Kanalen 2.232 abonnentar. Det er 128 fleire enn dei som abonnerte i første halvår i fjor. 1750 av abonnentane har både papir og digital avis, medan 422 er reine digitale abonnentar.

VTB har 5.671 abonnentar i første halvår i år. 1.692 av dei er heildigitale.

Det er ingen andre enn desse tre uavhengige lokalavisene som går fram i Vestfold og Telemark fylke. Telen på Notodden går tilbake med 4,6 prosent, til eit opplag på 4.150 i første halvår.

Fylkesavisene går tilbake

Av fylkesavisene går TA mest tilbake i Telemark. Avisa har klatra i opplag dei siste åra, men går tilbake med tre prosent i første halvår i år, og har nå eit totalabonnement på 22.886. Varden går tilbake med to prosent, til 16.622 abonnentar.

I totaltal går Tønsbergs Blad mest tilbake, med 1.593 abonnentar til eit opplag på 21.635.

Litt tilbakegang for LLA-aviser

Bø blad er med i Landslaget for lokalaviser (LLA), og aviser som er medlem av organisasjonen går til saman tilbake med 3.258 aviser, eller 0,9 prosent. Rundt 60 prosent av LLA-avisene går tilbake, medan 40 prosent går fram.

Generalsekretær i LLA,  Tomas Bruvik, skulle ønskje seg betre opplagstal.

– Når ein tek med i betraktning at mange har stram privatøkonomi for tida, kan me likevel seie oss fornøgde. I valkampen og under lokalvalet i førre veke har me dessutan sett tallause eksempel på at lokalavisene står veldig sterkt blant innbyggjarane. Det er lokalavisene som har dekt kommunestyrevala på ein god måte. Slik har lokalavisene demonstrert kor viktig det er for lokaldemokratiet å ha levedyktige lokalaviser, seier Bruvik i ei pressemelding.

Blant LLA-medlemmane er det Kronstadposten i Alta som gjer det aller best. Avisa aukar med 760 eksemplar (41 prosent) til 2.604. Dag og Tid, Mitt Kongsvinger, Os & Fusaposten, Gauldalsposten og Hallingdølen er fem andre aviser som gjer det veldig godt målt i talet på eksemplar. I tillegg har Klæbuposten ein flott prosentvis framgang på nesten 45 prosent og 264 eksemplar.

LLA sine aviser har eit totalopplag på 357.822.

Avis Første halvår 2023 netto total Første halvår 2022 netto total Endring 2023 mot første halvår 2022 2023 papir 2023 digital 2023 komplett Prosent endring
Kanalen 2232 2104 128 60 422 1750 6,1
Bø Blad 2800 2746 54 103 308 2389 2,0
Vest-Telemark Blad 5671 5649 22 137 1692 3842 0,4
Drangedalsposten 1686 1714 -28 353 290 1043 -1,6
Telen 4150 4348 -198 28 2427 1695 -4,6
Varden 16622 16957 -335 211 9984 6427 -2,0
Telemarksavisa 22886 23600 -714 230 13959 8697 -3,0
LLA-aviser 3258 – 0,9