MARKNAD: Eplefesten byr på kortreist mat av alle slag. Her frå Eplefesten i 2019.
MARKNAD: Eplefesten byr på kortreist mat av alle slag. Her frå Eplefesten i 2019. FOTO: Bø blad, arkiv

– Har du ikkje vore med på eplefesten før? Da må du lese dette

Enda ein gong kan me glede oss til eplefest i Midt-Telemark. I likskap med Telemarkfestivalen er dette ei av storhendingane i kommunen me bur i. Feler og frukt er to av grunnpilarane i lokalsamfunnet vårt. Etter at Sauherad og Bø blei slått saman til ein kommune, er me nå så heldige at me kan slå oss på brystet med begge delar, uansett kor i kommunen me bur. Me midt-telemarkingar kan vasse i stoltheit av både fele- og fruktbygda, sjølv om epla blei ofra da den nye kommunen skulle få kommunevåpen.

Det som skjer i fruktbygda er imponerande. Me har eit profesjonelt fruktmiljø, der samarbeidet er godt og der det å klappe kvarandre på skuldra og hjelpe kvarandre fram er viktigare enn å spenne bein på konkurrentane. Å vere sterke saman gangnar miljøet og får positive ting til å skje. På Gvarv ligg landets største fruktpakkeri, og hovudtyngda av dei som leverer hit kjem faktisk frå vår eigen region. Det seier litt om omfanget av næringa i kommunen. Midt-Telemark er også det neste største området i landet for kjernefrukt. Og det som blir pakka på Gvarv av frukt når ut til 95 prosent av den norske daglegvarehandelen, så det er ikkje småtteri me snakkar om.

Alt dette skjøna dei som i si tid starta Norsk eplefest. Epleproduksjonen er noko ein må løfte fram. Kva er da betre enn å gje eplet ein eigen fest, sjølv om den kjem midt i den travlaste haustetida. Skal ein feire eplet, må ein jo gjere det når det bugnar.

Og for ein tradisjon dette har blitt! År etter år har både lokale og tilreisande småskalaprodusentar sørgd for ein spennande marknadsdag. Me kan vere stolte av å ha så mange av dei her, spesielt nå som det blir stadig større fokus på kortreist og naturleg mat. Slik sett er me som bur her ekstra heldige ettersom matfatet er så nær oss.

Kulturen høyrer òg med i eplefesten, og er heldigvis sterkt tilbake i årets eplefest. Mat binder folk saman, det gjer i høgste grad også kulturen. Den skal blomstre saman med gode smakar for ganen på årets eplefest, også i Gamlegata og på Kjernehuset.

Det blir med andre ord ein skikkeleg mangfaldig fest – og den er for alle innbyggjarar. Viss du bur i Bø-delen av kommunen og ikkje har vore på Eplefesten ennå, er det nå på tide å kome seg ut og omfamne denne saftige biten av Midt-Telemark.