EPLESONG: Laurdag skal barn frå heile kommunen vera med og synge Eplesongen på Kjernehustorget. Her er barnekor i sving på Norsk Eplefest i 2018.
EPLESONG: Laurdag skal barn frå heile kommunen vera med og synge Eplesongen på Kjernehustorget. Her er barnekor i sving på Norsk Eplefest i 2018. FOTO: Gro B. Røiland, arkivfoto

I dag syng alle skuleelevar Eplesongen – her er teksten

I 2006 fekk Norsk Eplefest sin eigen song, «Eple-ein, eple-to, epletre!», skriven av Jon Solberg. Den blir sunge på Skulens eplefest i dag fredag og laurdag på Kjernehustorget med band og stort barnekor. Her er teksten, for den som vil synge med:

Det var ein gong eit epletre
som stod i sola og kosa seg
midt i mai, med kvit vårkjole på.
Eple-ein eple-to epletre
– og vår’n listar seg på tå.

Ho var mor til mange,
hadde greiner av gull.
Kvar unge skulle snart
få kroppen full
av epler, nok til store og små.
Eple-ein eple-to epletre –
og sommar’n listar seg på tå.

Adam, Idunn og Wilhelm Tell
Skrella lange epleskrell.
Laga saft og eplemos
Og ein eplepai te kos.
Adam, Idunn og Wilhelm Tell
åt og drakk te seine kveld.
Newton sang ein eplesang,
og stakk av på epleslang.
Eple-ein eple-to epletre
Je, je, je, je, je, je, je, je jeeeeeee

Så kom september
– grønt, gult og rødt.
Like flott som den gong
ho blei født.
Familien med finstasen på.
Eple-ein eple-to epletre –
og hausten listar seg på tå.

Adam, Idunn og Wilhelm Tell
Skrella lange epleskrell.
Laga saft og eplemos
Og ein eplepai te kos.
Adam, Idunn og Wilhelm Tell
Hørte brått eit lite smell.
Newton skreiv ei lov i blekk,
og blei ganske eplekjekk.
Eple-ein, eple-to, epletre
Je, je, je, je, je, je, je, je jeeeeeee

Ep-ep-eple epletre,
Ep-ep-eple epletre
Ep-ep-eple epletre,
Ep-ep-eple epletre
Eple-ein, eple-to, epletre –
Eple-ein, eple-to, epletre –
Eple-ein, eple-to, epletre –
og vinter’n listar seg på tå.